NLT – Dyrskuen

Til helga reiser adminstrasjonen i NLT til Dyrskuen i Seljord. Der skal vi ha stand frå fredag til og med sundag. Dersom det er lokale lag som ynskjer å stå med oss på standen er de hjarteleg velkomne til det. Vi skal som vanleg ha quizz og tipping av melkespannvekt.
Vi håpar på mykje besøk og er klare til å ta imot alle som ein.