NLT – Årsmøte for 2016

Styret i NLT 2017. Bak frå venstre: Finn Egil Adolfsen, Nord-Trøndelag – styremedlem, Tor Inge Eidesen, Rogaland – styremedlem, Harald Lie, Vestfold – leiar og Einar Åbergsjord, Nordland – 3. vara. Framme frå venstre: Marianne Hagen Lie, Oppland – 2. vara, Aud Fossøy, Sogn og Fjordane – styremedlem, Linda Kristin Oppedal, Sogn og Fjordane – 1. vara og Bodil Mannsverk, Finnmark – nestleiar. (Foto: NLT).

Årsmøte for 2016 i Norske Landbrukstenester (NLT) vart halde på Thon Hotel Oslo Airport 21.- 22. mars 2017.

Frå årsmeldinga går det fram at 2016 har vore eit aktivt år for NLT. Organisasjonen har arbeidd aktivt og godt med å få fram viktigheita av velferdsordningane i landbruket, ikkje minst etter at landbruksmeldinga vart lagt fram. Forutan møter og aktivitet i ei rekkje utval og nemnder har ein også hatt møter med organisasjonar i landbruket, samt dei ulike politiske miljøa.
I alt arbeid som vert gjort står alltid bonden sin kvardag i fokus.

Solveig Bratteng Rønning frå Utskarpen i Rana (Foto: NLT)

NLT har også i 2016 hatt eit vidt spekter av nyttige kurs for tilsette og tillitsvalde i medlemslaga.

Fleire lag har teke i bruk Webtemp, som er eit komplett nettbasert forretningssystem for vikarbyrå. Det inneheld blant anna elektronisk levering og godkjenning av timelister og massekommunikasjon ut til tilsette og kundar. Dette forenklar kvardagen for både bonde, avløysar og administrasjonen i våre medlemsbedrifter.

Under første dag av årsmøte fekk møtedeltakarane høyre den sterke historia til Solveig Bratteng Rønning frå Utskarpen i Rana. Historia frå å vera student, til å verte bonde, bygge nytt og renovere gamalt, til livsverket brann opp og for så å «stå i det» og byggje opp att. Ei supersterk ung dame viste at det å gje opp aldri er eit alternativ.

Under festmiddagen vart Landbrukstjenester Hedemarken heidra som Årets lag 2016 i NLT-organisasjonen. Dette er ei markering av eit medlemslag som har utmerka seg gjennom året i høve profesjonalitet og medlemsyting. Landbrukstjenester Hedemarken er eit lag med tre tilsette i administrasjonen og som stadig er i utvikling. Laget har sunn og god økonomi. Dei deltek alltid på samlingar i regi av NLT. Vi gratulerer og ynskjer dei lukke til med vidare arbeid.

Landbrukstjenester Hedemarken vart kåra til Årets lag 2016. Her representert med dagleg leiar Marie Strangstadstuen og styreleiar Lars Maagaard, ilag med dagleg leiar i NLT, Frode Alfarnes og
styreleiar Harald Lie. (Foto: NLT).

Styresamansettinga er:Under valet vart Harald Lie attvald som styreleiar, og Bodil Mannsverk vart attvald som nestleiar. Det vart heller ingen endringar for resten av styremedlemmane, så styresamansettinga vert den same det komande året som førre år.

  • Harald Lie, Vestfold – leiar
  • Bodil Mannsverk, Finnmark – nestleiar
  • Finn Egil Adolfsen, Nord-Trøndelag
  • Aud Fossøy, Sogn og Fjordane
  • Tor Inge Eidesen, Rogaland
  • Linda Kristin Oppedal, Sogn og Fjordane – 1. vara
  • Marianne Hagen Lie, Oppland – 2. vara
  • Einar Åbergsjord, Nordland – 3. vara

Fleire opplysningar kan de få ved å venda dykk til dagleg leiar Frode Alfarnes, tlf. 907 39 937, e-post: frode@n-lt.no

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *