NLT-Årsmøte 2017

Årsmøte for 2017 i Norske Landbrukstenester (NLT) vart halde på Thon Hotel Oslo Airport 10.-11. april 2018.

Frå årsmeldinga går det fram at 2017 har vore eit særs aktivt år for NLT. Organisasjonen har arbeidd aktivt og godt med å få fram viktigheita av velferdsordningane i landbruket, ikkje minst i samband med landbruksmeldinga. Forutan møter og aktivitet i ei rekkje utval og nemnder har ein også hatt møter med organisasjonar i landbruket, samt dei ulike politiske miljøa. I alt arbeid som vert gjort står alltid bonden sin kvardag i fokus.

NLT har også i 2017 hatt mange nyttige kurs for tilsette og tillitsvalde i medlemslaga.

25 lag har no teke i bruk Webtemp, som er eit komplett nettbasert forretningssystem for vikarbyrå. Det inneheld blant anna elektronisk levering og godkjenning av timelister og massekommunikasjon ut til tilsette og kundar. Dette forenklar kvardagen for både bonde, avløysar og administrasjonen i våre medlemsbedrifter.

Cecilie Nilsen – Årets Unge Bonde 2017
(Foto: NLT)

Forutan vanlege årsmøtesaker på dag ein så fekk vi høyre eit interessant innlegg frå Årets Unge Bonde 2017, Cecilie Nilsen. Nilsen driv i lag med sin familie gard på Lista. Her har dei over 200 ammekyr samt ein stor besetning med Alpakka. Alpakkaeventyret starta med import av to livdyr frå New Zealand i 2009. All ull vert spunne i Noreg og dei sel all ull sjølve. I tillegg til dette har dei og starta oppdrett av den japanske kjøttferasen Wagyu. Dette er ein rase som har ein spesiell fettmarmorering i kjøtet og er kjent for å vera verdas dyraste kjøt. Vi takkar Cecilie Nilsen for eit interessant innlegg og ynskjer ho lukke til med vidare drift og utvikling av garden sin.

Etter innlegget til Nilsen gjekk stortingsrepresentant og leiar i Næringskomiteen, Geir Pollestad på talarstolen. Pollestad poengterte viktigheita av samhaldet i norsk landbruk, og viste blant anna til det samla trykket frå landbruksnæringa då landbruksmelding vart lagt fram i 2016. Dette samla trykket var med å påverka at landbruksmeldinga ikkje vart vedteken i Stortinget. Pollestad, som sjølv hadde vore avløysar for eindel år tilbake, meinte at landbrukstenestene gjer ein viktig jobb både for velferden til bonden, og dyrevelferdenfor rundt om i landet. NLT takkar for at Pollestad ville stille på Årsmøtet.

Lars Petter Bartnes – Leiar i Norges Bondelag.
(Foto: NLT)

Då Pollestad var ferdig var det bondelagsleiar Lars Petter Bartnes som kom med ei helsing til Årsmøtet. Igjen var det lovord å høyra i samband med jobben som vert gjort rundt om i det ganske land. Bartnes kunne og fortelja at i årets jordbruksoppgjer ville det frå Bondelaget si side leggjast meir vekt på velferdsordningane til bonden. Vi kryssar fingrane og håpar at velferdsordningane og vert prioritert også frå sentrale styresmakter. NLT takkar for helsinga til Bartnes og takkar samstundes for det gode samarbeidet NLT har med Norges Bondelaget.

Geir Pollestad – Leiar i Næringskomiteen og representant for SP på Stortinget.
(Foto: NLT)

Etter Bartnes avslutta Halle Arnes frå NLR – HMS dagen med ei helsing til Årsmøtet. Arnes snakka som alltid varmt om bonden og deira helse. HMS i landbruket er viktig og NLT er glad vi har eit godt samarbeid med NLR.

Under festmiddagen vart Landbrukstjenester Østfold heidra som Årets lag 2017 i NLT-organisasjonen. Dette er ei markering av eit medlemslag som har utmerka seg gjennom året i høve profesjonalitet og medlemsyting. Landbrukstjenester Østfold er eit lag med to tilsette i administrasjonen og som stadig er i utvikling. Laget har sunn og god økonomi. Dei deltek alltid på samlingar i regi av NLT. Vi gratulerer og ynskjer dei lukke til med vidare arbeid.

På dag to på Årsmøtet vart den nye strategiplanen 2018-2021 samrøysta godkjent. Dette er ein plan som er godt forankra i

NLT-organisasjonen der alle medlemer har hatt høve til å kome med innspel og påverknad.

Årets Lag 2017.
Her representert med leiar i laget, Trygve Eivind Dahl og dagleg leiar Hans Nummestad.
(Foto: NLT)

Under valet vart Harald Lie attvald som styreleiar, og Bodil Mannsverk vart attvald for to nye år i styret samt som nestleiar for eitt år. Aud Fossøy takka for seg, og Janne Østgaard Aagesen frå Trøndelag, tok over stafettpinnen. Vi ynskjer ho velkomen i styret og ser fram til hennar bidrag sentralt i organisasjonen.

Med nemnde endringar ser styret i NLT for 2018 slik ut:

  • Harald Lie, Vestfold – leiar
  • Bodil Mannsverk, Finnmark – nestleiar
  • Finn Egil Adolfsen, Trøndelag
  • Tor Inge Eidesen, Rogaland
  • Janne Østgaard Aagesen, Trøndelag
  • Linda Kristin Oppedal, Sogn og Fjordane – 1. vara
  • Marianne Hagen Lie, Oppland – 2. vara
  • Einar Åbergsjord, Nordland – 3. vara

Fleire opplysningar kan de få ved å venda dykk til dagleg leiar Frode Alfarnes, tlf. 907 39 937

Styret i NLT 2018: Bak frå venstre: Finn Egil Adolfsen, Trøndelag, Einar Åbergsjord, Nordland – 3. vara, Harald Lie, Vestfold – leiar, Tor Inge Eidesen, Rogaland. Framme frå venstre: Linda Kristin Oppedal, Sogn og Fjordane – 1. vara, Bodil Mannsverk, Finnmark – nestleiar, Janne Østgaard Aagesen, Trøndelag og Marianne Hagen Lie, Oppland – 2. vara. (Foto: NLT)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *