NLT – Årsmøte 2014

Styret i NLT 2015. Frå venstre: Aud Fossøy, Finn-Egil Adolfsen, Linda Kristin Oppedal, Harald Lie, Bodil Mannsverk, Tor Inge Eidesen og Marianne Hagen Lie. 3. vara til styret, Einar Åbergsjord var ikkje til stades.

Årsmøtet til NLT vart halde på Quality Airport Hotel, Gardermoen 23. – 24. mars. Forutan vanlege årsmøtesaker vart det vedteke ein ny strategiplan for organisasjonen.

Møteleiar Johan Arnt Gjeten vart takka for sine år som møteleiar.

Møteleiar Johan Arnt Gjeten vart takka for sine år som møteleiar.

Strategiplanen strekk seg frå 2015 til 2018 og skal vera styringsdokumentet til styret dei kommande åra.

Harald Lie vart gjenvalt som leiar for NLT i 2015. Bodil Mannsverk frå Finnmark vart valt til nestleiar etter at Jorulf Refsnes, takka for seg på dette årsmøtet. Refsnes har sete i styret sidan 2006 og følte det var rett å sleppa andre krefter til. Tor Inge Eidesen frå Rogaland vart valgt inn som nytt styremedlem, samt at Linda Kristin Oppedal vart valt inn som 1. vara til styret. Oppedal kjem frå Sogn og Fjordane, og erstattar Ivar Aae.

Møteleiar Johan Arnt Gjeten leia møtet som vanleg med litt humor og ei stødig hand på klubba. Gjeten har overlatt drifta av garden sin til den nye generasjoenen og sto difor på val. Nina Vangen Ranøien, frå Sør-Trøndelag, vart valt som ny møteleiar.

Årets unge bonde 2014, Tor Jacob Solberg haldt eit fantastisk innlegg.

Årets unge bonde 2014, Tor Jacob Solberg haldt eit fantastisk innlegg.

Under møtet fekk vi stifta bekjentskap med Årets unge bonde, Tor Jacob Solberg. Han hadde eit fantastisk innlegg om det å vera stolt over det arbeidet ein gjer som matprodusent, enten du eig to kyr eller fleire titals. Solberg er ein inspirator for gamal og ung og er ein verdig vinnar av Årets unge bonde 2014.

Under festmiddagen vart Helgeland Landbrukstjenester heidra som Årets lag i NLT organisasjonen. Vidkun Ravn og Filip Johansen, frå Helgeland Landbrukstjenester var invitert til festmiddagen og fekk overrekt diplom, blomar og handlaga trefat.

Årets lag 2014. Frå venstre, Filip Johansen, Harald Lie, Vidkun Ravn og Bodil Mannsverk

Årets lag 2014. Frå venstre, Filip Johansen, Harald Lie, Vidkun Ravn og Bodil Mannsverk

Tove Berre frå Salten Landbrukstjenester, vart tildelt blom og god omtale for sitt engasjement for landbruksnæringa generelt og spesielt for arbeidet ho gjer i NLT i forhold til arrangering av landbruksvikarkurs og arbeidet med utdanningprogrammet 2+2 innan agronom og gartnar.

Vi takkar alle deltakarar for eit godt møte.

Informasjon om det nye styret finn de her

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *