Møte med Svein Flåtten og Vestfold Høgre

Vestfold Høgre og NHO Mat og Landbruk hadde i dag møte for å diskutere norsk landbruk. NHO var representert med administrasjonen, samt Harald Lie, leiar i NLT, og Katrine Røed Meberg, Norsk Gartnerforbund. Vestfold Høgre var blant anna representert med stortingsrepresentant Svein Flåtten.


Harald Lie presenterte NLT og fortalde kva vi driv med. Svein Flåtten la ikkje skjul på at han visste lite om vår organisasjon, men såg verdien av det NLT og medlemslaga arbeidar med. Svein Flåtten meinte at NLT er viktig i norsk landbruk. Vidare såg han på NLT som ein viktig næringsaktør for å oppretthalde sysselsetinga i distrikta, samt å sikra bonden avløysing ved ferie/fritid og ved sjukdom.

Høgre er ikkje framand for å forenkle innafor landbruket, og såg det ikkje som unaturleg at NLT kan stå for heile dokumentasjonen for ferie og fritid, der pengane vart kanalisert gjennom NLT.

Landbruksvikarordninga er viktig for tryggleiken i landbruket. Rekruttering til yrket vart og diskutert, blant anna frå land utanfor EØS/Schengen.

Harlad Lie oppsummerar møtet med at det er viktig for NLT å byggje alliansar og vera i forkant av det som skjer.