Medlemskap

Medlemskap i Norske Landbrukstenester

Medlemslaga må ha som formål å formidle eller leige ut arbeidskraft, administrere samarbeidstiltak (maskinformidling, bygdeservice o.s.v.), eller tilby andre landbruksrelaterte tenester.

Medlemslaga skal vera opne for samarbeid med andre organ i landbruket for å utnytta næringa sine samla ressursar på beste måte.

For å bli medlem må laget godta desse vilkåra:

  • Laget må vera ope for medlemskap frå gardbrukarar i sitt virkeområde.
  • Laget må forplikta seg til å følgja vedtak fatta av styret eller årsmøtet i NLT.
  • Laget må betala den kontingenten som vert fastsett av årsmøte i NLT.
  • Laget skal så langt det er mogeleg bruke/nytte seg av dei fellestilbod som NLT tilbyr.
  • Laget skal ha rekneskap som er revidert av registrert/statsautorisert revisor.
  • Laget skal ha vedtekter som styret i NLT kan godkjenna.
  • Laget har rapporteringsplikt til NLT etter nærare retningsliner.
  • Laget skal fylle krav stilt i norsk lov om registrering, rekneskap og revisjon.

Søknad om medlemskap skal sendast styret i NLT. Laga vert tekne opp som medlemmer etter godkjenning av styret i NLT.