Leiarskifte i NLT

I dag er det leiarskifte hjå Norske Landbrukstenester (NLT) i Sundal. Etter å ha vore dagleg leiar i organisasjonen sidan starten i 1991, overlet no Trygve Fredheim roret til Frode Alfarnes (39), som har 12 år bak seg i organisasjonen.

Norske Landbrukstenester er ein landsomfattande medlemsorganisasjon eigd av bonden gjennom avløysarlaga, der hovudarbeidsområdet er å syta for at velferdsordningane i landbruket har best mogelege rammevilkår.


– I dag har vi 134 medlemslag av totalt kring 144, og medlemslaga våre består av kring 20.000 aktive bønder, fortel den påtroppande daglege leiaren, som legg til at omsetninga i NLT i fjor låg på kring fem millionar kroner.



Kunnskapsbase


Administrasjonen i NLT har sidan starten i 1991 vore i Sundal, og har i dag 3 ½ årsverk.


– I arbeidet vårt har vi som sagt fokus på velferdsordningane, og i samband med det arbeider vi tett mot bondelaga, bonde- og småbrukarlaga og staten i samband med jordbruksoppgjeret, der vi prøvar å påverka slik at velferdsordningane skal få best mogelege vilkår. Gledeleg er det å sjå at arbeidet vi har gjort mot det politiske miljøet no byrjar bera frukter.


Det daglege arbeidet vårt går mykje på å gje hjelp og støtte til avløysarlaga. Det gjeld t.d. innan data, rekneskap, løn, reglar og forskrifter, forsikringsordningar m.m. Vi har utarbeidd fellesrutinar der det er mogeleg, utvikla dataprogram og serverar, vi har kurs og samlingar for medlemene – kort sagt er vi ein kunnskapsbase for avløysarlaga, der målet er at desse skal fungera best mogeleg, seier Frode Alfarnes.






 
Frode Alfarnes er klar til å overta stafettpinnen etter Trygve Fredheim.



– Litt vemodig


– Det er nok litt vemodig å gå av som dagleg leiar i dag for eg må vel berre innrøma at NLT har vore «babyen» min sidan starten i 1991, seier Trygve Fredheim.


– Men avgangen min kjem ikkje brått på. Eg har lenge tenkt på å trekkja meg tilbake og sleppa yngre krefter til, og heilt kvitt meg vert dei heller ikkje. Fram til 1. mars skal eg jobba i 100 prosent stilling ved NLT, etter den tid går eg ned i 50 prosent stilling, og eg skal heretter i hovudsak arbeida med spesielle oppgåver. Dessutan skal eg halda fram som dagleg leiar i Landbrukstenester Folgefonna – tidlegare Kvinnherad Avløysarlag – der vi i dag har over 1000 gardsbruk frå fem kommunar i Hordaland og sju i Buskerud som medlemer, fortel Fredheim.


– Eg er glad for at Trygve skal halda fram i organisasjonen. På det viset får vi ei god overlapping, samstundes som eg har ein god person å støtta meg til i tida som kjem, seier Alfarnes.



Utfordringar


Leiarskiftet vil ikkje bety dei heilt store endringane i drifta av NLT.


– Eg har sjølvsagt både tankar og vyer for korleis vi skal utvikla organisasjonen vidare, men grunntanken om velferdsordningane skal heile tida liggja i botn.


Ein ting er sikkert og det er at stadig nye arbeidsoppgåver dukkar opp. Det siste no er å leggja til rette for ei overgong av landbruksvikarordninga frå kommunen til avløysarlaga. Her arbeidar vi tett med KS og LMD for å få alt på plass innan 1. januar 2008.


Av praktiske årsaker kan det etterkvart bli aktuelt å flytta administrasjonen frå Sundal til Rosendal-området. Vi ser oss om etter nye lokaler, og går alt etter planen kan vi vera på plass i Rosendal-området innan neste sommar.


I tilegg til å halda fokuset på velferdsordningane, vil vi satsa på å vidareutvikla tenester som avløysarlaga treng. Innanfor avløysarlaga er det no fleire og fleire som byrjar sjå at laga treng fleire bein å stå på, at laga kanskje bør utvikla seg frå berre å driva med avløysarordning for bøndene, til å verta eit vikarbyrå. Dette er ting vi har byrja sjå på. Elles har vi med åra bygd opp nokså bra datatenester som vi og kan tilby andre, til dømes til dei ulike landbruksorganisasjonane. På det viset kan og NLT få fleire bein å stå på.


Som nemnt ser vi at arbeidet vi har gjort politisk byrjar bera frukter, og dette arbeidet vil vi sjølvsagt halda fram med. Dessutan vil vi satsa på å synleggjera oss betre for bonden, der føler eg det står ein del att, seier Frode Alfarnes.