Landbruksvikarkurs

Landbruksvikarkurs

Rekrutterings- og etterutdannings utvalet i NLT har arbeidd med kursopplegg for landbruksvikarane. Målet er at alle landbruksvikarar skal få eit kurstilbod kvart år. Vi oppmoar fylka om å gå saman om å arrangera desse kursa, då har ein høve til å få eit større kurs der landbruksvikarane kan treffast for det sosiale og for erfaringsutveksling. Det har vist seg at dette vert særs godt motteke av landbruksvikarane der slike kurs har vore arrangert.

Vi meiner det er bra for kurset at og administrasjonen er med. Dette set og landbruksvikarane pris på og ein får ei sosial ramme rundt kursa som er god.

Her finn de eit forslag til program og budsjett for eit slikt kurs. Som de ser går det over tre dagar med to overnattingar. Dag to er satt av til krisehandtering i 2014/2015, samt sosialt samvær om ettermiddag/kveld med konkurransar og middag.

Vi veit etter erfaring frå liknande kurs, at kurs i dette formatet vert sett pris på og er lærerikt for våre landbruksvikarar og administrasjonen. Så no er det berre å gå i gang med planleggjing.

Vi i Rekrutterings- og etterutdannings utvalet vil vera til hjelp dersom de treng det, samt vil vi kunna søkja om midlar til slike kurs for dykk hjå Studieforbundet Næring og Samfunn.