Landbruksvikar i 18 av Sør-Trøndelag sine 25 kommunar

Formålet med ordninga er å bidra til at kommunane tilsett landbruksvikarar for å betre brukaren sin tilgang på avløysar først og fremst ved akutte krisesituasjonar. Ein landbruksvikar er ein kommunalt tilsett avløysar for husdyr- og planteprodusentar i jordbruket.


På landsbasis har stadig færre kommunar i landet ein kommunalt tilsett landbruksvikar.  I 1989 hadde 344 av 435 kommunane i landet landbruksvikar mens i 1994 var talet gått ned til 323 og i 1999 til 284 kommunar med slik ordning. 

 

I Sør-Trøndelag har talet på landbruksvikarar vore rimeleg stabilt. No er det 22 landbruksvikarar i arbeid i 18 av Sør-Trøndelag sine 25 kommunar. I 1979 hadde 23 kommunar 30 landbruksvikarar tilsett. 

 

Den reduksjonen vi har hatt har mellom anna samanheng med at talet på husdyrbruk har gått ned.  Vidare er landbruksvikaren ein av dei første som blir oppsagte når kommuneøkonomien blir dårlegare.

 

Samarbeidet mellom kommune og avløysarlag har stor betydning for at ordninga blir bruka og maksimalt utnytta.  Kommunane tilset landbruksvikar men i fleire kommunar er det avløysarlaget som administrerer denne.  Avløysarlaget har best oversikt over behovet for avløysing og kan sende landbruksvikaren dit behovet er størst.

 
I mange kommunar er det vanskeleg å skaffe avløysarar noko avløysarlaga også strevar med.  Derfor er det ekstra viktig at det finst landbruksvikar i alle kommunar.  Det er ein stor tryggleik for husdyrbrukarane at det er ein landbruksvikar i kommunen da denne skal prioriterast for avløysing der det oppstår akutte behov/kriser.