Landbrukskurs på morsmålet

Landbruksklynga på indre Sunnmøre har utvikla eit kurstilbod for avløysarar og landbruksvikarar som skal arbeide i landbruket. Mange kjem til Norge heilt utan landbrukserfaring og kommunikasjon er den største utfordringa.


Jon Geirmund Lied i Landbruk Nordvest er sjølv mjølkeprodusent og veit godt kva han snakkar om, her er dei i
fjøsen til Randi Overå og Svein Henning Haugen i Liabygda.


Dyrehald og matproduksjon krev høg kvalitet på mange nivå i prosessen og verdiane er store. Difor er det naudsynt med god opplæring av dei som skal avløyse bonden når han skal ha fri.

Fann midlar
Landbruk Nordvest har mange medlemmar som kan oppleve kommunikasjonsproblem når den nye avløysaren kjem. På eit medlemsmøte kom ein bonde med framlegget om å lage eit grunnleggjande kurs for dei som ikkje skjønar språket. Jon Geirmund Lied plukka opp ballen og sparka den vidare.
– Eg fann midlar som var øyremerka til utdanning i landbruket gjennom KIL (Kompetanseutviklingsprogram i landbruket), og i samarbeid med Storfjord Landbrukstenester starta vi på eit prosjekt som skal gi grunnleggjande opplæring til dei som skal vere avløysarar eller landbruksvikarar, seier Jon Geirmund Lied i Landbruk Nordvest.

Oversett til to språk

Ireneusz Karpeta likar å arbeide med dyr. I fjøsen på Overå trivst han godt.

Dei starta med å samle fagstoff som skulle vere med, mellom anna frå handboka til Norske Landbrukstjenester. Dyrlege Unni Yttredal bidrog med stoff om korleis tyde kua sine signal, og Språksmia fekk i oppdrag å få teksten oversett til polsk og litauisk. Innhaldet er tilpassa slik at nytilsette som ikkje har landbrukserfaring får opplæring i grunnleggjande husdyrhald, sjukdomar og i dei viktigaste reglane i norsk landbruk i tillegg til mjølkeforeskriftane.
– Vi har sett saman ein lærepakke som vi no har prøvd på både nybyrjarar og gamle ringrevar frå desse to landa, eit slags testpanel om du vil, seier Jon Geirmund Lied.
Saman med gruppa har dei vore rundt om i ulike fjøs, og for dei erfarne var det kanskje mykje grunnleggjande. No skal dei evaluere kurset, spikre lærepakka og avslutte prosjektet. Finansiere prosjektet har dei gjort gjennom midlar frå Fylkeskommunen, næringsfondet i Norddal kommune, Tine og Norske landbrukstenester
– Behovet for ei slik opplæring er stort, og vi tenkjer at Norske Lanbrukstjenester kan tilby dette kurset fleire plassar i landet, mellom anna her i Valldal, seier Jon Geirmund og legg til at velvillige bønder har stilt fjøsa sine til disposisjon for kurset, noko dei set stor pris på.
Kurset er på om lag 30 timar og under evalueringa fann dei ut at kursdeltakarane bør meistre enkel engelsk slik at opplæringa berre skjer på eit språk. Elles var det berre små justeringar på kursopplegget dei oppdaga etter evalueringa.

Bastian Weiberg Aurdal i samtale med bonde Nils Jarle Hjelme saman med gruppa som er valt ut til å teste materiellet som er omsett til polsk og litauisk.

Store verdiar
Når bonden ikkje er til stades, er det store verdiar som skal takast vare på og ansvaret er stort. Det er snakk om matproduksjon og då er kvalitet viktig, og ikkje minst så er det dyr det skal arbeidast med. Ei grunnopplæring for dei som skal gjere denne jobben er difor naudsynt, det er fagmiljøet samd om. Løna i dette yrket er konkurransedyktig med industriarbeidsplassane i området, litt ukurante arbeidstider er det nok – i tillegg til at det vert ein del køyring. Generasjonen som i dag driv i landbruket er godt oppdatert fagleg og ofte utdanna innan landbruket, så kunnskapen er på plass. Med eit slikt grunnleggjande kurs, meiner fagmiljøet at formidlinga i kvar einskild fjøs vert lettare og at verdiane på den måten vert betre tekne vare på.

Tekst og foto: Storfjordnytt