Kva skjer med arbeidsgjevaravgifta frå 01.01.2007

Det vert frå regjeringshald arbeida med å innføre differensiert arbeidsgjevaravgift att frå 01.01.2007. Dette med bakgrunn i endringar i regelverket i EU-/EØS-området for regional støtte. I utgangspunktet er ønsket at alle kommunar skal tilbake til den sats dei hadde før omlegging i 2004, men dette er ikkje oppnådd. Dette på bakgrunn av eit regelverk som tar utgangspunkt i befolkningstettleik og befolkningsnedgong.

Oversikt over kva sats dei ulike kommunane har finn du her; Kommunekart.

Dei endringane som kjem av det nye forslaget dersom det vert godkjend av ESA er blant anna;

  • Det er ikkje bustadkommune til arbeidstaker som er grunnlag for satssone, men adresse til avløysarlaget. Eit avløysarlag kan ha meir enn eit kontor knytt til seg dersom det driv avløysarlag med ulik geografisk lokalisering eller innan ulike næringar. Dersom desse kontora er registrerte som eigne undereiningar, vil ein kunne sjå på kvar av dei som eigne verksemder for utrekning av avgift og sats vil følgje sonen der denne er registrert.
  • Dei kommunar som får ein lågare sats enn sone I (14,1%) men som likevel ikkje får tilbake den sats dei hadde før omlegging i 2004 vil måtte betale ny sats fullt ut. Avløysarlag i desse kommunane vil ikkje få unntak etter reglar for landbruk.
  • Dei kommunar som no får sone I a (14,1%) eller IV a (7,9%) men som før omlegging i 2004 hadde ein lågare sats vil få kompensasjon. Avløysarlag i desse kommunane vil få unntak etter reglar for landbruk som i dag. Dvs. at det i sone I a skal reknast 10,6% og i sone IV a skal reknast 5,1%.
  • Dei kommunar som er i sone I (14,1%) vil ikkje få noko unntak etter reglar for landbruk.
  • Avløysarlag som har verksemd både innanfor og utanfor landbruk kan ha ei omsetning utanfor landbruk som overstig 5% av total omsetning utan at dette får innverknad på sats for lønn som vert utbetalt innanfor landbruk. For dette så krev det eit klart rekneskapsmessig skille mellom verksemdene.
  • Redusert sats for arbeidstakere over 62 år vert vidareført.

Med forbehald om feil

NLT