Jordbruksforhandlingane – Eit verdivalg for norsk landbruk

Folk ynskjer trygg mat som er produsert i heile vårt langstrakte land. Dette krev at ein kan produsera mat både på små og store bruk i heile landet. Årets jordbruksoppgjer er meir enn eit inntektsoppgjer, det er eit verdival for samfunnet. Vi må satsa på mangfoldet i landbruket, seier Lars Petter Bartnes på pressekonferansen i samband med bøndene sitt krav.

Velferdsordningane i landbruket står sentralt for at bonden skal kunna produsera god kvalitetsmat. Bonden treng, til liks med alle andre, ferie og fritid for å kunne henta seg inn att og få fornya energi. For at bonden skal få dette til  må den kvalifiserte arbeidskrafta vera mogleg å få tak i.

NLT tykkjer at velferdsordningane er viktig for å oppretthalde helsa til bonden og bonden sin familie og for å oppretthalde dyrevelferden på alle gardsbruk i Noreg.

Her kan du lesa om velferdsordningane i kravet

Her kan du lesa heile kravet