Jeg skulle bare……

Landbruk er ein produksjon med varierte, interessante og utfordrande arbeidsoppgåver. Det vert stilt store krav til den enkelte bonde sine kunnskapar, ferdigheiter og effektivitet. Samtidig er sektoren belasta med mange ulukker. Tal frå Arbeidstilsynet viser at det i tiårsperioden 1999-2008 omkom 120 personar etter arbeidsskadar i landbruket. Omgang med store maskiner, traktor spesielt, og store dyr er viktige årsaker til alvorlege ulukker. Samtidig har oppslutnaden om Landbrukets HMS-tjeneste endra seg lite dei siste åra.


På bakgrunn av overnemnte vart det i jordbruksoppgjeret 2009 einigheit om å setja i gang eit arbeid med å gjennomgå organisering og arbeidsmetodar i landbruket sin HMS-aktivitet. Det vart oppretta ei arbeidsgruppe beståande av representantar fra Landbruks- og matdepartementet, Norge Bondelag, Norsk Bonde- og Småbrukarlag, Landbrukets HMS-tjeneste og Stiftelsen KSL Matmerk. Gruppa hadde som mandat å komme med anbefalingar om framtidig organisering av arbeidet med HMS, som er forankra i landbruket, og som kan bidra til at tal alvorlege arbeidsulukker i landbruket vert redusert betydeleg og samtidig medføra til ei generell betring i arbeidsmiljøet i landbruket.

I rapporten vert det gjort ein gjennomgang av kunnskapen om HMS i landbruket. Rapporten inneheld ei skildring av aktørar, roller og systematisk HMS-arbeid. Vidare er det gjort vurderingar av viktige områder for eit godt og systematisk HMS-arbeid i landbruksføretaka. Det er lagt spesielt vekt på at positive haldningar er naudsynte for å redusera tal ulukker. Haldningar vert påverka blant anna av informasjon, kunnskap og andre sin haldningar og kommunikasjon om temaet. Vidare er det viktig at dei mange aktørane som er involvert i HMS-arbeidet i landbruket, samarbeidar for å oppnå best mogleg resultat. 

Økonomiske verkemidlar
Dei økonomiske verkemidlane som vert gjevne over jordbruksavtalen er først og fremst tilskot til drift av Landbrukets HMS-tjeneste 16 mill kr i 2010, velferdsordningar og tilskot til KSL Matmerk sitt arbeid med KSL.

I tillegg er partane einige om at det er viktig å ha gode velferdsordningar i landbruket. Tilskot til avløysing ved ferie og fritid, tilskot til avløysing ved sjukdom m.v. og tilskot til landbruksvikarordninga er dei viktigaste ordningane over jordbruksavtalen. Formålet med velferdsordninga er å bidra til å sikre matproduksjon og matforsyning ved å forvalte ordningar retta mot å betre rekruttering til næringa og mot næringsutøvarane sin velferd.

Tal sjukemeldte dagar som det vert søkt på grunnlag av, er redusert frå ca. 563.000 til ca. 330.000 i perioden 2000-2007, ein nedgong på 41 prosent.

Talet avløyste dagar i same tidsrom er redusert med 34 prosent.

Tal føretak som har rett til tilskotet er redusert med 30 prosent.

Tal sjukedagar og avløyste dagar er dermed redusert meir enn talet føretak med rett til å søkje.

Talet avløyste dagar innafor sjukmeldingsperiodane det vetrt søkt for, har auka frå 68 prosent i 2000 til 77 prosent i 2007. Det vert altså leigd avløysar i fleire dagar innafor sjukemeldingsperiodane i 2007 enn i 2000.

Samla sett viser oversikta å gje indikasjon på at det relative omfanget av sjukkedagar i jordbruket er noko redusert i perioden 2000-2007.

Arbeidsgruppa legg til grunn «Nullvisjonen»  og meiner det er behov for å forbetre arbeidet for å redusere talet ulukker i landbruket. Dette er eit individuelt ansvar på den enkelte gard, men også eit kollektivt ansvar for næringa og aktørane rundt bonden.

Det er naudsynt at eit stort tall aktørar tek ansvar for å bidra til meir merksemd rundt praktisk og systematisk HMS-arbeid. Det er naudsynt med bedte samarbeid mellom aktørane på dette feltet. Arbeidsgruppa meiner at det må leggjast vekt på betre og breiare informasjon, vegleiing og rådgjeving. Dette er av stor betyding for å endre haldningar og forbetre det systematiske og praktiske HMS-arbeidet i landbruket. Ut frå dette anbefalar gruppa fyljande tiltak:

  1. Det vert etablert eit forpliktande nasjonalt samarbeidsforum for HMS i landbruket. Fyljande bør delta: Norges Bondelag, Norsk Bonde- og Småbrukarlag, Landbrukets HMS-tjeneste, Stiftelsen KSL Matmerk, Norsk Landbruksrådgivning, Norske Landbrukstenester, Arbeidstilsynet, Mattilsynet, forsikringsbransjen og LMD. Forumet vert leia av LMD. Det nasjonale samarbeidsforumet skal møtast minimum to gonger i året for å gjennomgå utviklinga på HMS-området, vurdera effekten av gjennomførte tiltak og fremje forslag til nye tiltak, koordinera aktiviteten på området og sikre eit godt samarbeid mellom aktørane. 
  2. Arbeidstilsynet bør reetablera Jordbruket sitt verneutval. Ei viktig oppgåve vil vere å bidra til samanfallande regelverk og lik forståing av regelverket hos dei ulike tilsynsmyndigheitene.
  3. LMD og Arbeidstilsynet skal delta aktivt i arbeidet med gjennomføring av «Ulykker i Norge – Nasjonal strategi for forebygging av ulykker som medfører personskader 2009-2014» for å bidra til betre statistikk og meir kunnskap om ulukker i landbruket.
  4. Kurs og anna kompetanseutvikling for næringsaktørar skal vidareutviklast av Landbrukets HMS-tjeneste. LHMS bør samarbeide med fylkeskommunane om gjennomføring av slike kurs. Kompetanseprogrammet i landbruket (KIL) bør prioritera HMS-prosjekter.
  5. Fylkesmannen har ei viktig rolle i å bidra til kompetanse, mobilisering og motivasjon i landbruket. LMD bør dirfor setja HMS på dagsorden i sin styringsdialog med fylkesmannen.
  6. Stiftelsen KSL Matmerk bør bidra til at varemottakarane i større grad fyljer opp avvik frå HMS-krava i KSL med relevante sanksjonar. Arbeidet med å formidla bruk av HMS-standarden i KSL bør prioriterast.
  7. LMD bør ta initiativ til at bruk av setebelte blir påbode ved bruk av traktor på offentleg veg.
  8. Forsking på HMS i landbruket prioriterast innafor ramma av jordbruksavtalen sine forskingsmidlar. Det bør søkjast samarbeid med andre aktørar som og kan finansiera slik forsking.

Heile rapporten kan du lesa her