Japanarar på gardsbesøk

Ein japansk delegasjon har denne veka vitja Kvinnherad for å studera landbruket, og særleg avløysarordninga. Og etter det me skjøna, var dei imponerte over det dei fekk sjå.

Delegasjonen på fire kom til Kvinnherad søndag kveld frå Nederland, der dei også har studert


landbruket. Norske Landbrukstenester i Mauranger er vertsskap for japanarane, og det er lagt opp til eit omfattande program for dei tre dagane dei skal vera i kommunen, med fleire gardsbesøk, studiar av tilleggsnæringar, besøk på eit oppdrettsanlegg, møte med landbrukssjef og ordførar og mykje meir. Gardsbesøk Programmet starta med eit besøk på garden til Hans  Reidar Kjærland måndag formiddag. Her fekk dei orientering om mjølkeproduksjon på ein Vestlands-gard på ca 200 dekar og med18 mjølkekyr. Og japanarane let seg imponera over det dei fekk sjå og høyra. For sjølv om Japan og Noreg på mange måtar er ulike samfunn, har landbruket mange felles trekk. Japan har også mange små bruk, gjennomsnittsstorleiken er berre på 14 dekar. Dei aller fleste bruka dyrkar ris, og som i Noreg er det store fleirtalet deltidsbønder. Men landet har også 35 000 mjølkeprodusentar. Avløysarordninga Japan har også eit avløysar-system, men berre for mjølkeprodusentar. Eit av formålet med turen til Noreg var å studera korleis det norske systemet virka. Eit anna formål var å få informasjon om dei norske støtteordningane. Det lydde nok som søt musikk i øyro til japanarane når Hans Reidar Kjærland kunne opplysa at ca 1/3 av inntektene hans kom frå ulike former for statsstøtte. Frå Uskedalen gjekk turen vidare til Revuro samdrift i Omvikdalen, og deretter til Hardanger for å vitja ein fruktgard. Låg sjølvberging Som Noreg er Japan langt frå sjølvberga med mat, dei produserer berre 40 % av maten sin sjølve. Dei to landa har såleis fleire samanfallande interesser når det gjeld landbruk, og står difor også saman i dei pågåande WTO-forhandlingane. Frå Kvinnherad  reiser delegasjonen vidare til Tyskland i dag.



Ivar Vaage


www.kvinnheringen.no