Næringskomiteen innstiller på å behalde velferdsordningane

Næringskomiteen har i si innstilling til ny jordbruksmelding forslått å stogge forslaga om å avvikle tilskotet til avløysing ved ferie og fritid og nedlegging av ordninga for tidlegpensjon. Dette er positive nyhende og vi er glad for at fleirtalet har sett kor viktige desse ordningane er.

I debatten rundt ny jordbruksmelding har det vore stor fokus på viktigheten av velferdsordningane hos fleire partar. Dette synte høyringa i Næringskomiteen, og det er positivt at komiteen har snudd regjeringa si innstilling også i denne saka.  Saka skal no til vidare handsaming i Stortinget og dato for debatt og vedtak er foreløpig sett til 25. april. Vi får håpe at Stortinget følger innstillinga frå komiteen.

Etter å ha lest innstillinga frå Næringskomiteen er vi nøgd med dei signala som vert gitt om velferdsordningane. Ikkje berre ønsker heile komiteen å behalde avløysartilskotet ved ferie og fritid, men dei ønsker å gjera ordningane betre og meir målretta. Det er og positivt at komiteen ser kor viktig det er å sjå avløysarordningane under eitt. Når i tillegg eit fleirtal av komiteen sine medlemer ønsker å behalde tidlegpensjonsordninga ser vi positivt på framtida til dei sosiale ordningane i landbruket, seier Frode Alfarnes dagleg leiar i Norske Landbrukstenester. Vi er klar til å bidra med å utvikle ordningane i rett retning.

Heile innstillinga finn du her.

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *