Innspel jordbruksforhandlingar 2011

Norske Landbrukstenester er klare med sitt innspel til jordbruksforhandlingane for 2011. Det har dei siste åra vert ei positiv utvikling av velferdsordningene i landbruket. I år håpar vi å få gjennomslag for ei ekstra utbetaling av tilskott ferie/fritid. Dette vil sikra bonden tilgang til kvalifisert arbeidskraft, både ved ferie/fritid og under sjukdom.



Ferie/fritid

  • Ekstra utbetaling av tilskott ferie/fritid
    Det bør innførast ei ekstra dokumentert utbetaling i februar, med søknad i august.  
  • Tilskottet må følgja kostnadsutviklinga
    For å ta att tap i kostnadsutvikling bør tilskott ferie/fritid aukast til kr. 75.000,-.

Sjukdom

  • Tilskottet må følgja kostnadsutviklinga
    For å ta att tap i kostnadsutviklinga bør tilskott pr. dag under sjukdom aukast til kr. 1.600,-
  • Forskrifta må tilpassast folketrygda
    Regelverk under sjukdom følgjer ikkje endringar i folketrygda og må tilpassast dette.  
  • Krav til næringsinntekt for nyetablerte
    Nyetablerte må sleppe krav til næringsinntekt for å få tilskott under sjukdom. Sjølv om det er rom til å gje dispensasjon så er dette eit usikkert moment.
  • Avkorting mot andre lønsinntekter
    For å få likehandsaming bør samordning av tilskott med lønsinntekt utanfor garden takast vekk. 

Landbruksvikarordninga

  • Tilskott til administrasjon
    Kurs/opplæring av landbruksvikar bør ikkje vera ein del av administrasjonskostnadane.
  • Tilskottet må følgja kostnadsutviklinga
    Tilskott pr. årsverk har stått i ro siste året, medan eigenbetaling har stege i takt med dagsats under sjukdom. Dette medføre ei dyrare ordning for gardsbruk som ikkje har full dagsats.
  • Fordeling av overskott/underskott
    Det må vera råd å sjå på overskott/underskott over fleire år, og ikkje som i dag der overskott vert trekt inn og underskott skal dekkast av avløysarlaga.
  • Fordeling av unytta årsverk
    Om erfaring syner at årsverk ikkje vert nytta bør dette kunne omfordelast innan fylket. 

Tidleg pensjon

  • Inntekt utanom næringsinntekt frå bruket
    For å ta ut tidlegpensjon må minimum næringsinntekt frå gardsdrifta ha vert 67%. I dag er det usikkert om inntekt frå pensjonsordningar vert rekna inn i dette grunnlaget. Dette må avklarast. Inntekt frå andre pensjonsordningar er ikkje inntekt frå arbeid, men tidlegare opparbeida rettar, og bør ikkje reknast som del av inntekt utanom gardsdrifta. 

Sjå vedlegg for meir utfyllande informasjon!

Her finn du innspelet i pdf-format og word-format både på nynorsk og bokmål