Ingen samanslutning mellom NLT og LFR

Norske Landbrukstenester og Landbrukets Forsøksringer hadde idag sine ekstraordinære årsmøter på Gardermoen. Saka som skulle handamast var ein samanslutning mellom dei to organisasjonane. Etter to timar vart resultata frå avstemminga klare, Norske Landbrukstenester hadde fleirtal for ein samanslutning, medan Landbrukets Forsøksringer enda opp med eit nei til samanslutning. Saka er dermed opp og avgjort etter halvanna år med samanslutningsdrøftingar. (Meir informasjon kjem seinare)