Informasjon til medlemslaga

Krav om testing av utanlandske avløysarar for MRSA

MRSA er Staphylococcus aureus (”gule stafylokokkar”) som er resistente mot viktige antibiotika. Ein spesiell dyretilpassa variant av bakterien, LA-MRSA, har i mange land etablert seg hos produksjonsdyr, særlig hos gris. Bakterien kan overførast frå gris og andre husdyr til menneske. Hos menneske som allereie har svekka helse kan LA-MRSA forårsaka alvorlege infeksjonar, og det er derfor spesielt viktig å unngå at bakterien kjem inn i norske helseinstitusjonar. Det er liten fare for at LA-MRSA skal smitte til menneske via mat.grisunger4

Det er viktig at denne smitten ikkje vert spreia i Noreg. For å unngå dette oppmodar vi alle våre medlemslag til å krevje test av alle sine utanlandske arbeidarar. Dette gjeld alle og ikkje bare dei som arbeidar med gris!

Det er ein stor risiko for at vi har ein god del skjulte smittekjelder i landet, då det kun er rutine for at dei som skal arbeide i svinebesetning vert testa. Vi har arbeidarar frå heile Europa som reiser nesten verda rundt og arbeidar både med storfe og svin om kvarandre frå oppdrag til oppdrag. Dei er smitteberarar også blant folk og storfe.

Landbrukstenestene bør her ta ansvar og sørgje for at alle som vi formidlar vert testa når dei kjem og startar i ny jobb slik at ein ikkje risikera at vi bidrar til å spreia smitte. Vi bør også informera våre tilsette og oppmodar alle andre i fast jobb om også å testa seg, også etter besøk/ferie i heimlandet. Vi ser heller ikkje bort ifrå at det er ein del «slurv» med karantenetida etter ferie i heimlandet.

Meir informasjon om tema finn du her:

Info om Svinepest – MRSA

Er dine ansatte smittesikre?


Forsikring

Forsikringsbevis
Forsikringsbevisa vil bli lagt ut på dei interne sidene til det einskilde lag når vi har dei klare.

Dersom det er nokon som manglar reiseforsikringskort tek de kontakt med oss så skal vi sende. Dei korta de har er ikkje datostempla så dei kan nyttast så lenge de ikkje får beskjed om anna.

Varme arbeide og andre spesielle tingskader
Forsikringa vår dekker ansvarsskade som oppstår ved varmearbeid, så sant arbeidstakar er sertifisert for det varmearbeidet vedkommande gjer. Det som er verdt å merka seg her er at det er ein del punkt i vilkåra som skal følgjast ved slikt arbeid for at ansvarsforsikringa skal kunna nyttast. Punkta gjeld og andre typar spesialarbeid så les dette nøye:Varmearbeid

Utdrag frå vilkåra
Ved ansvar for tingskade som skyldes, -varme arbeider, -utendørs sandblåsing, -utendørs sprøytemalingsarbeider, -brudd på vann- eller kloakkledning eller oversvømmelse eller tilbakeslag gjennom kloakk eller overvannsledning som sikrede er eier av, beregnes i tilegg til avtalt egenandel en særskilt egenandel på 10 % av selskapets erstatningsplikt minimum 1G og maksimum 5G der G = Folketrygdens grunnbeløp (88 370 kr i 2014) på det tidspunkt skaden konstateres.

Med varme arbeider forstås:
Bygge-, instalasjons-, monterings-, demonterings-, reparasjons-, vedlikeholdslignende arbeider hvor det benytes åpen ild, oppvarming, sveise-, skjære-, lodde- og/eler slipeutstyr.

Skadeomfanget ved ein brann kan verte millionbeløp i utbetaling, så merk Dykk spesielt den høge eigendelen  ved slike skadar.

Penicillin i mjølkMelking
Av alle ansvarsskadar som skjer ute hos bonden så er det skade med penicillin i mjølk som er den hyppigaste. For å greia å redusera desse skadetilfella må vi ha det enkelte lag si hjelp.

Informer dei tilsette om kor viktig det er å sjekka varsel for penicillinbehandla kyr når ein kjem inn i fjøset. Varslinga skal vera i form av varseltrekant over båsen, band på bakbeinet til dyret og bonden skal informera avløysaren før arbeidet vert sett i gang.

Det gjer heller ingenting om at ein vert minna på å setja på kjølinga av mjølketanken før ein går for dagen.

Takk for at du leste denne informasjonen.

Mvh

Norske Landbrukstenester

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *