Info frå NLT 2008 nr. 1

Informasjonsskriv for medlemslaga i NLT. Her finn de ein god del nyttig informasjon.


Årsmøte 2007

Årsmøtet for 2007 vart halde på Rica Hell 2. og 3. april 2008.Vedlagt finn de Årsmelding 2007 med årsmøtereferat. Det nye styret er no: 
Astrid Westberg – Østfold, attval, styreleiar
Finn Hoff – Sør-Trøndelag, attval, nestleiar
Ellen Svarstad – Nordland, ny
Jorulf Refsnes – Rogaland
Widar Skogan – Troms   
Varamedlem for 1 år:Ingrid Løset – Møre og Romsdal, møter fast i styremøta.

E-post adresser og telefonnummer til styremedlemmene finn de på heimesida vår.  Ta gjerne kontakt med dei.  

Jordbruksforhandlingane 2008

Resultatet av jordbruksforhandlingane ga ein del positive endringar når det gjeld velfredsordningane.Max. Tilskot ferie og fritid vart auka med 5 %, frå kr. 55.500,00 til kr. 58.000,00.Max. Tilskot under sjukdom er for 2008 kr. 1030,00 pr. dag. Frå 2009 er dette auka til kr. 1130,00 pr. dag.Sjølv om vi kunne tenkt oss eit endå betre resultat, må vi likevel seia oss nøgde med at partane viser vilje og forståing for auka satsar. Vi må berre stå på vidare. Som alle veit: Rom(a) vart ikkje bygd på ein dag.Heile avtalen finn du på LMD sine sider:http://www.regjeringen.no  Landbruks- og matdepartementet. 

Landbruksvikaren – føring i løn og rekneskap

På heimesida til NLT finn de utførleg gjennomgang av føring i løn og rekneskap både i Duett, system 4 og SunPro: www.landbrukstjenester.noDokumenter/skjema Ta kontakt med oss dersom de lurer på noko. 

Filer frå SLF

Alle filer som gjeld ajourhald og utbetalingar er no sende ut til laga. Dei er som dei har vore, frå SLF si side, med org.nummer slik at det er litt puslespel å finna dei rette namna på bonde. Vi har fleire gonger bedt om å få listene alfabetisert med etternamn, men det er visst vanskeleg å få til. 

Ny forskrift om bemanningsføretak

Vi har registrert at det er komen ei ny forskrift som gjeld bemanningsføretak. For å kunne driva med utleige av arbeidskraft så skal alle registrerast i eige register hos Arbeidstilsynet og stilla bankgaranti på kr. 100.000,00. Det er dei som skal utarbeida vegleiing og skjema. Forskrifta vert gjeldande frå hausten av, men endeleg dato er ikkje fastsett.NLT kjem attende med meir informasjon om korleis laga skal forhalda seg til den nye forskrifta når alle detaljar er på plass. Du kan lesa meir om forskrifta på heimesida vår. 

Avløysarkurs HMS

I arbeidsplanen står m.a. at vi må kursa avløysarane våre. Dette gjeld ikkje minst HMS. Vi er blitt kjende med at Landbrukets HMS-tjenester har stilt med lærekrefter til slike kurs. Ta gjerne kontakt med dei. Kontaktperson er Marthe Haneborg:www.landbrukshelsen.no Når det gjeld evt. stønad til slike kurs, ta kontakt med BSF lokalt i ditt område. 

Opplæringsfondet NLT

Som mange sikkert kjenner til, har NLT sett av midlar til eit opplæringsfond. Dette har vore lite brukt, og i den samanheng har styret bestemt at det skal lagast nye retningsliner for bruk av fondet. Kort sagt kan vi seia at det blir ei oppmjuking av bruken.Dei nye retningslinene vil bli lagt ut på heimesidene våre så snart dei er klar. 

Forsikringspakken 2008/2009 

Avtalen med Gjensidige på forsikringspakken er no på plass. Det vert i år tre ulike vilkår for ansvarsforsikring. Eitt for kjerneverksemda vår, eitt for vikarverksemd og eitt for Bygdeservice.Meir om dette kan du lesa på heimesida vår eller ved å ta kontakt med oss. 

Bilavtale med LeasePlan Norge AS

Vi  har  forhandla fram ein avtale med LeasePlan som omfattar finansiering og all drift av bilen de leaser.Har de spørsmål så ta kontakt med oss eller Marianne Gran hos LeasePlan, Tlf: 23 06 97 51 Mob: 406 16 311. Avtalen finn de også på heimesida vår. 

Ny kalender

Vi har laga til ein kalender på websidene. Denne vil vi oppdatere med ferieavvikling, møter, samlingar osv. Dersom de har noko de vil ha inn på kalenderen så send oss ein e-post så legg vi det inn. (Her kan de for eksempel sjå kva tid vi i adm. I NLT er på ferie). Vidare har vi fjerna diskusjonsforumet på heimesida på grunn av særs liten aktivitet. I staden har vi laga til ein ”blogg” som erstatning.Vi vil oppmoda dykk til å sende inn tema som de vil ha diskutert så skal vi publisera temaet så snart som råd. 

Leiarsamling Gardermoen 18. og 19. juni

Vi beklagar at det ikkje vart plass til alle som hadde lyst til å vera med på denne samlinga. NLT kjem til å skipa til ei samling til. Når og kor er ikkje heilt bestemt enno, men reknar med at dette vert klart straks ferien er avvikla her hos oss. Totalt fekk vi på denne samlinga plass til 40 daglege leiarar. Førelesarane var frå BSF, SLF, LA, NAV-Eures som alle hadde dagsaktuelle tema. Det merka vi også godt på engasjementet frå deltakarane. Vi hadde også sett av litt god tid til  diskusjonar oss tilsette i mellom, slik at vi fekk drøfta felles utfordringar og løysingar.Det kom fleire innspel som vi tek med oss vidare. Nemner her nokre få:·         Rekruttering, kartlegging (felles base?)·         Avløysarkurs, regionale·         Kurs for landbruksvikarane·         Opplæring av tillitsvalde·         Utanlandsk arbeidskraft: Koordinere lik handsaming hos styresmaktene (Politi, NAV etc.)Når vi får summa oss litt, skal vi sjå nærare på ein del av desse og andre saker som kom opp. Ei oppsummering vert lagt ut på heimesida vår. 

Informasjon frå laga

Send oss gjerne informasjon som de trur kan vere nyttig også for andre. NLT sentralt er veldig glad for tilbakemeldingar om det vi og andre arbeider med og er opptekne av. Og: Følg med på www.n-lt.no Det vil heile tida vere litt bemanning på kontoret i ferien  

Vi ynskjer dykk alle ein riktig god sommar

Helsing Norske Landbrukstenester

Frode – Trygve – Romar og Evald