Høyringsuttale – Forskrift om tilskot til landbruksvikarverksemd

Norske Landbrukstenester (NLT) er nøgd med at partane i jordbruksforhandlingane er positive til å få på plass ei landsdekkjande ordning for landbruksvikarverksemd. I utgangspunktet ønskte vi at avløysarlaga skulle få ansvar for ordninga i dei kommunar det ikkje er ei ordning i dag, men vi ser at partane ønskjer ei lik ordning for heile landet der avløysarlaga har ansvaret.

Den tillit som vert gjeve avløysarlaga er eit gode som organisasjonen må forvalta til det beste for bonden. For at avløysarlaga skal kunne yta ei god teneste ser vi det er fleire utfordringar som må løysast. I vår uttale vil vi koma inn på nokre generelle problemstillingar i tillegg til kommentarer direkte til forskrift.

Økonomisk rammevilkår
Den økonomiske ramma må vera så stor at avløysarlaga ikkje frykter at dei vil få eit økonomisk tap ved å gå inn på ordninga.


  • Medlemene i avløysarlaga må ikkje risikere å finansiere ei ordning som og vil gjelde for dei som ikkje er medlem i laget
  • Uvisse ved geografi, lang reisetid, overnatting i t.d. øysamfunn
  • Uvisse over utgifter ved overtaking av dagens kommunale landbruksvikar

  • Stram arbeidsmarknad føre til auka rekrutteringskostnader


Grunnlag pr. årsverk
I utgangspunktet er det nytta eit snitt på 150 foretak for å koma fram til 240 årsverk totalt. Det må nyttast skjønn ved tildeling av årsverk til kvart fylke og innanfor kvart fylke.



  • Tal på vikarar må vera avhengig av produksjon og aktivitet i laget sitt område
  • Ved å nytte 150 foretak som grense vil det i nokre kommunar vera fleire tilsette vikarer i dag, enn kva laget vil få tilskot til, medan det i andre kommunar vil vera grunnlag for tilskot til fleire vikarar enn laget ønskjer å tilsette

Rekruttering
På grunn av ein stram arbeidsmarknad kan det bli vanskeleg alt i 2008 å oppnå målsettinga med 240 årsverk.



  • Det er kome signal om at mange av dagens landbruksvikarar ikkje vil bytte ut kommunen som arbeidsgjevar
  • Avløysarlaga har vanskar med å vera konkurransedyktige då det er betre betalte jobbar i nærområdet



Kommentar til forskrift

Forslag til strykningar er markert med
gjennomstreking, medan tillegg er skreve i kursiv.


§ 2. Bruk av landbruksvikar

Avløysarlaga skal ved sjukdom og i krisesituasjonar yte hjelp til føretak med husdyr- og planteproduksjon, som har rett på tilskot til avløysing ved sjukdom mv., jf. forskrift 8. november 2006 nr. 1227 om tilskot til avløysing. Dersom landbruksvikaren ikkje nyttast i slik samanheng, kan vikaren nyttast til annan avløysing.

Avløysarlag som mottek tilskot til landbruksvikarverksemd pliktar, innanfor sitt geografiske ansvarsområde,
fastsett av fylkesmannen, å ha tilstrekkeleg landbruksvikarberedskap tilgjengeleg. Dersom avløysarlag ikkje ønskjer å tilsetje landbruksvikar bør nabolag kunne overta ansvar for det geografiske område. Dersom eitt eller fleire lag ikkje blir samde kan fylkesmannen fastsetje det geografiske ansvarsområde.

Den maksimale dagsatsen som føretaket skal betale ved bruk av landbruksvikar ved sjukdom og i krisesituasjonar, skal ikkje vere større enn den maksimale dagsatsen for refusjon ved avløysing ved sjukdom
.

Kommentar:
Ei plikt for avløysarlaga å ha tilstrekkeleg beredskap bør vera avgrensa til det som er rekna som normalt, og ikkje ei plikt til også kunne ta alle toppar som oppstår. Det kan ikkje vera sånn at alle skal ha rett til å få landbruksvikar samtidig.

Vi er skeptisk til at fylkesmannen utan vidare skal fastsetje laga sitt dekningsområde. Dette er noko laga sjølv, gjerne i samarbeid med nabolag, må fastsetje. Fylkesmannen bør ha rett til å fastsetje det geografiske dekningsområde dersom laga ikkje kjem fram til ei semje.

Dagsatsen under sjukdom er fastsett til maks tilskot i ordninga. Det er viktig at det kjem klart fram at det er ordninga si maks sats og ikkje brukaren si sats som skal nyttast. Når landbruksvikar vert nytta til annan avløysing bør prissetjing vera opp til det enkelte lag.


§ 3. Søknad og rapportering


Søknadsskjema og rapporteringsskjema vert fastsett av Statens landbruksforvaltning. Søknad om tilskot til landbruksvikarverksemd for komande år skal sendast fylkesmannen innan 1. oktober, eller nærare fastsett frist av Statens landbruksforvaltning. Etter at søknaden er godkjent skal laget ha skriftleg melding med tal på godkjente årsverk. Rapport om landbruksvikar-verksemda for føregåande år skal sendast fylkesmannen innan 1. februar (1. mars).

Kommentar:

Laget må få informasjon frå fylkesmannen om at søknaden er godkjent i god tid før det vert tilsett landbruksvikarar. Vi reknar med at godkjent søknad fungerer som grunnlag for utbetaling av tilskot.

Innsending av rapport for føregåande år innan 1. februar er greitt dersom dette er ein enkel rapport som avløysarlaga kan hente direkte ut frå dataprogramma. Det er viktig å få avklart kva denne rapporten skal innehalda. Slik det er i dag inneheld kommunen sin rapport avløyste dagar sjukdom og ferie/fritid i tillegg til kostnader til sjukdom og ferie/fritid. Reknar med at dette vert avklara i rundskriv frå SLF.

Fylkesmannen må kunna nytta skjønn basert på produksjon, geografi med meir når han fastset tal på årsverk i det einskilde lag.


§ 4 Tilskot.
Tilskotet vert gjeve som eit forskotsvis beløp, innan 31. januar, til avløysarlag etter søknad om tilskot til landbruksvikarverksemd. Tilskotet, og kor stor del av dette som kan nyttast av avløysarlaget til administrasjon, opplæring mm., vert utrekna med grunnlag i føresegner fastsett i eller i medhald av jordbruksoppgjeret.

Kommentar:

Tilskotet til kvar stilling landbruksvikar skal fastsetjast av jordbruksforhandlingane kvart år. Det må vera eit mål at tilskotet vert utbetalt så tidleg som råd i budsjettåret og at utviklinga av tilskotet følgjer lønsutviklinga.

Kor mykje det enkelte lag kan nytte til administrasjon med meir bør avgjerast ut frå kor dyktig laget er til å administrera ordninga. Kor stort tilskot laget sit att med til administrasjon vil variera frå år til år. Det må ikkje vera slik at store investeringar til landbruksvikaren eit år skal straffast ved trekk i midlane neste år. Skal det vera mogeleg å byggja opp ei stabil og framtidsretta landbruksvikarordning må det og vera stabilitet i den økonomiske ramma.


Kommentar til § 7 Tilskot ved sjukdom i forskrift om tilskot til avløysing
Vi synes det er uheldig at departementet ser det som naudsynt å ta vekk ei ordning med eigenmelding når landbruksvikarverksemda vert overført frå kommunen til avløysarlaga. Vårt forslag er at det vert opna for at eigenmelding kan nyttast under all sjukdomavløysing, uavhengig om det vert nytta landbruksvikar eller ikkje. Ei slik ordning kan følgja same modell som vanlige lønnsmottakere har, men dette er kanskje meir ei sak for jordbruksforhandlingane.

NLT skal gjera sitt beste for å få medlemslaga til å gå inn på den nye ordninga, men då må vi vera sikra rammevilkår som gjer at avløysarlaga er villige til å satsa. Vi har merka oss at partane i jordbruks-forhandlingane er sterkt interessert i å få til ei ordning for landbruksvikarverksemd som er landsdekkjande. I samband med dette reknar vi med at det er vilje til å gjera endringar både i rammevilkår og regelverk dersom erfaringa syner at ordninga ikkje fungerer etter intensjonen.

Det kan og vera naudsynt med ei lengre overgangsordning enn eit år.

Mykje av retningslinene for ordninga vil bli forma i rundskriv frå SLF og vi håper at NLT vil bli sett på som ein støttespelar og i det arbeidet. I tillegg til forskriftene som er ute til høyring no ser vi rundskrivet som eit viktig dokument i den nye ordninga.

Vi ønsker lykke til i det vidare arbeidet.

Med helsing
Norske Landbrukstenester
Frode Alfarnes
Dagleg leiar