Helseforsikring som fungerer i praksis

Helseforsikringa som Norske Landbrukstenester har gjennom Vertikal Helseassistanse, er allereie satt på prøve. Renate Rendedal, tilsett i Landbrukstenester Sogn, er ei av ca 200 avløysarar på landsbasis som har denne forsikringa gjennom sin arbeidsgjevar. Her får du historia om korleis det gjekk då ho vart skadd og ville nytte forsikringa.

Renate Rendedal har god nytte av
Vertikal Helseforsikring.

«Eg fekk smerter i knea og oppsøkte lege. Turnuslegen hadde ikkje høyrt om denne forsikringa og meinte den ikkje gjaldt meg. Delvis fordi eg har kjent på smertene i fleire år, men siste året har det plaga meg meir. Sidan legen min ikkje trudde denne gjaldt meg så tok eg kontakt med Vertikal sjølv og fekk positive tilbakemeldingar. 
Turnuslegen min sendte henvisning til MR og ortoped. Eg sendte kopi av dette til Vertikal saman med ei fullmakt om at Vertikal kunne hente ut legejournal på meg, og bruke mine personopplysningar (dette er nødvendig for at dei kan hjelpe).
Denne fullmakta finn ein på Vertikal si heimeside. 
Eg sendte henvisning og fullmakt til Vertikal på ein fredag. Mandag tok dei kontakt med meg. 
Eg fekk time hjå privatklinikk i Bergen til MR same veka, og ortoped på Bergen Kirurgiske Sykehus veka etter. Begge deler i god tid i forhold til fristen på 10 dagar. 
Eg tykte det å ha ein slik garanti på 10 og 28 dagar til eventuell operasjon var bra, men til mi overrasking var det ikkje berre denne garantien forsikringa dekka. Vertikal dekkar også reise og behandlingar/legetimar. 
Ikkje nok med det! Kundebehandlaren eg snakka med var særs hyggjeleg, og dei følgjer veldig bra opp! Ho bestilte timar til meg, måtte eg vente på å få svar om når eg fekk timar ringte ho og sa i frå om dette.
Etter konsultasjonane mine ringte ho meg igjen og informerte om mine rettar i Vertikal, og at ho ville ringe meg om eit par månadar for å høyre korleis det går. Og eg måtte ikkje stusse på å ringe om det var noko eg lurte på i mellomtida. 
No viste det seg at dei ikkje kunne sjå noko gale på MR bildene mine, så no skal eg først prøve fysioterapi for å sjå om det kan hjelpe.
Vertikal dekkjer fysioterapitimane. Om ikkje dette gjev betring vil sjukehuset gå inn med kikhol for å sjå om dei kan finne noko gale då!
Eg har så langt ei veldig positiv erfaring med Vertikal Helseforsikring. 
Og det er kjempebra at Landbrukstenester nyttar desse!
Som arbeidstakar og brukar av Vertikal: TUSEN TAKK!!!