Helseforsikring

Helseforsikring

Brosjyre om helseforsikringa Brosjyre om helseforsikringa Bestill helseforsikring direkte her (kun individuell bestilling) Bestill helseforsikring direkte her (kun individuell bestilling) Bestilling kollektivt (for laget) Bestilling kollektivt (for laget) Endring av Kollektiv Helseforsikring (utmelding og innmelding av nye) Endring av Kollektiv Helseforsikring (utmelding og innmelding av nye)

Norske Landbrukstenester har i samarbeid med Vertikal Helseassistanse, arbeidd fram eit godt tilbod på helseforsikring for alle som er tilknytt Norske Landbrukstenester. Vi meiner dette er eit gode både for arbeidsgjevar og arbeidstakar.

Få ned sjukefråværet

Helseforsikringa er eit produkt vi har gått inn på med omsyn til sjukefråvær. Det viser seg at arbeidstakarar som har ei slik forsikring kjem raskare tilbake i arbeid etter sjukdom.

Vi meiner dette er ei god forsikring til ein særs gunstig pris. Vertikal er eit selskap som var eit av dei fyrste med denne forsikringstypen, og har vore på marknaden med helseforsikring sidan 1998. Dette gjer at vi er trygge på at vi har valt ein leverandør som er sikker og har erfaring.

Vertikal krev ingen helseattest, og det er heller ingen skilnad på pris i høve alder og kjønn.

Kollektiv ordning

Dei som kan vere med i ei kollektiv ordning er dei tilsette som har fast stilling med kontrakt.

Fordel for arbeidstakar som er med i kollektiv ordning
Fordelen for dei som går inn kollektivt er at dei vil ha 5 timar med fysioterapi, kiropraktor m.m. utan å først bli tilvist til spesialist. Dersom ein ikkje er bra etter dei 5 timane skal ein til lege og bli tilvist vidare til spesialist. Viser det seg då at spesialisten meiner at ein skal halde fram behandlinga, så har ein ugrensa timar med behandling.

Reservasjonsrett

Betyr at alle medlemslaga i utgangspunktet er med kollektivt, men kan gje melding til oss om at dei ikkje er interessert i å vera med.

Dersom nokon av dei tilsette vel å ikkje vera med er det fullt mogleg å reservera seg. Laget kan likevel gå inn kollektivt med dei som ynskjer det, om det så berre er ein person.

Tilbod også til alle andre med tilknyting til laget
Alle deltidstilsette og bønder som er medlemer i eit avløysarlag/landbruksteneste kan tinga helseforsikring. Alle som er med i ordninga, og dei som er kollektivt meldt inn, kan forsikre familiemedlemer til same pris.
For desse gjeld ikkje dei 5 timane med fysioterapi, kiropraktor m.m, utan å først bli tilvist til spesialist.

Pris

Vår pris for perioden 01.05.2017 til 30.04.2018 er kr 2174,- pr. år uansett alder. Samme pris på ektefelle/samboer og barn over 18 år.
Prisen er lik uansett om ein går inn kollektivt eller ikkje.
I tillegg kan ein teikne forsikring på barn til kr 1300,-

Betaling

Betalinga skjer samla frå kvart lag av dei kollektivt innmelde. Alt utanom vil bli fakturert direkte til den forsikra.

Spørsmål om forsikringane kan rettast til NLT, tlf. 97 11 30 74

NB! Produktoversikta er meint som informasjon og er ikkje uttømande vilkår.
Forsikringsvilkåra finn de her (passordbeskytta).

Selskap: Vertikal Helseassistanse AS