Haustsamlingar 2009

For ei tid sidan vart det sendt ut ein førespurnad til laga om kor mange haustsamlingar vi burde ha i 2009; ei, to eller som i fjor, tre.
Eit stort fleirtal meinte at to samlingar var passande. Dette har NLT sentralt teke omsyn til.

I styremøte 10. februar vart det bestemt at vi i år prøver med to samlingar.


Dei vert avvikla slik:

  • Veke 44, 28. og 29. oktober på Rica Hell for desse fylka:                       
    Finnmark, Troms, Nordland, Nord-Trøndelag, Sør-Trøndelag og MØRE- OG ROMSDAL. 
  • Veke 46, 11. og 12. november på Quality Airport Hotel Gardermoen (Jessheim) for desse fylka:
    SOGN OG FJORDANE, HORDALAND, ROGALAND, Vest-Agder, Aust-Agder, Telemark, Vestfold, Buskerud,  Akershus, Hedmark, Oppland og Østfold.

Begge stader vert det, som i fjor, lagt opp til ein kursdag i forkant av samlinga. Kva slags kurs/emne vil vi koma attende til. NLT  har tru på at vi får minst like stort fagleg og sosialt utbyte av samlingane som tidlegare. Vi tek gjerne i mot synspunkt til sjølve samlingane og gode forslag til emne kursdagen og samlingane. Invitasjon og program vert sendt ut i god tid før samlingane, men merk dykk desse datoane.Spesielt synest vi det er viktig at flest mogleg tillitsvalde også møter. Skaff avløysarar på førehand! Vel møtt!