Haustsamlingane over for denne gong

Tilsaman tre haustsamlingar rundt om i landet er no forbi. Vi må seia oss nøgd med alle tre, og utfrå tilbakemeldingar og evalueringar så ser det ut til at deltakarane stort sett var nøgde og.


Gjennom dei tre samlingane vart det gått gjennom mange saker. Vi vil etterkvart leggja ut presentasjonane som vart nytta, her på nettet, når vi har fått dei i hende. I mellomtida kan de nytta høve til å sjå gjennom eindel bilete som er teke på samlingane. Ikkje alle biletene er lagd ut av ymse årsaker, men smakebitar er det iallefall;)

Vi vil takka alle som var med på samlingane for oppmøte og ynskja velkomen attende neste år.

 Her er bilete frå samlingane