Haustsamlingane 2012

Då er Haustsamlingane for 2012 historie. Rundt 310 tilsette og tillitsvalte, fordelt på Gardermoen og Værnes, deltok på årets samlingar. Evalueringa frå Gardermoen viser at dei fleste har hatt utbytte av samlinga.


Årets Avløysar frå venstre: Roy Andre Bruvoll – Landbrukstenester Nordfjord, Øystein Olberg – Landbrukstjenester Buskerud, Lars Erling Spydevold – Landbrukstjenester Østfold, Carol Ann Hugget – Landbrukstjenester Sør og Annette Trippler – Landbrukstjenester Sør Årets Avløysar frå venstre: Inger Haugen – Helgeland Landbrukstjenester, Annett Kerber – Landbrukstjenester Midt – Trøndelag, Magnor Eidsheim – Haugaland Avløysarlag og Eli Gulla som tok i mot prisen på vegne av Olav Jan Snekvik – Indre Nordmøre Landbrukstenester

Det var tilsamen kåra ni Årets Avløysarar for 2012, samtlege var invitert til å vera med oss på samlingane. Det resulterte i at vi hadde med oss fem Årets Avløysarar på Gardermoen og tre i Stjørdal. Under festmiddagen på samlinga vart dei heidra med diplom, NLT-klokke og blomar. Vi håpar dette kan gje dei vidare inspirasjon til å fortsetje i avløysaryrket i mange år framover.

Desse er Årets Avløysar for 2012:
Annette Trippler – Landbrukstjenester Sør (Vest-Agder)
Annett Kerber – Landbrukstjenester Midt – Trøndelag (Sør-Trøndelag)
Roy Andre Bruvoll – Landbrukstenester Nordfjord (Sogn og Fjordane)
Carol Ann Hugget – Landbrukstjenester Sør (Aust-Agder)
Inger Haugen – Helgeland Landbrukstjenester (Nordland)
Magnor Eidsheim – Haugaland Avløysarlag (Rogaland)
Olav Jan Snekvik – Indre Nordmøre Landbrukstenester (Møre og Romsdal)
Øystein Olberg – Landbrukstjenester Buskerud (Buskerud)
Lars Erling Spydevold – Landbrukstjenester Østfold (Østfold)

I tillegg til utdeling av pris til avløysarane, vart Jørn Eriksen frå Levanger Avløserlag og Elisabeth S. Johnsen frå Landbrukstjenester Sør, heidra for 25 år som dagleg leiarar i sine lag.

Harald Lie som sta bonde, med «kjerringa» si, Ellen Svarstad, som var særs lysten på ein sydentur.

NLT har satt ned ei vervegruppe, beståande av Harald Lie (Vestfold Landbrukstjeneste), Ellen Svarstad (Helgeland Landbrukstjenester) og Gjermund Stuve (Landbrukstenester Hordaland og styremedlem i NLT). Gruppa skal frå no og framover i 2013 og 2014 arbeide fram eit opplegg på å få verva fleire medlemer til medlemslaga. Under samlinga hadde dei blant anna eit lite skodespel om ein bonde som ikkje såg vitsen med å leiga inn avløysar for å reise på ferie, dei hadde jo vore på ferie for 7-8 år sidan.

Alt i alt var det to positive samlingar, det er alltid kjekt å samlast slik og slå av ein prat med kjekke kollegaer. No er det Vårsamlinga som står for tur i mai, har de forslag til program så ta kontakt med Evald Storaas.