Haustsamlinga på Gardermoen, ny video er lagt til

I forrige veke vart den første av dei to haustsamlingane gjennomførd på Gardermoen. Tilsaman 178 personar var med på samlinga inkludert førelesarar og deltakarar. Av desse var heile 118 personar på kursa i forkant av haustsamlinga. Dette er ny rekord i høve kursdeltaking og det tykkjer vi er veldig bra.



Hotellet var fyllt til randen og to av kursa måtte avviklast på eit nabo hotell. Dette gjekk heilt fint så lenge ein tok høgde for trafikken når ein skulle over vegen. Kursa fekk gode tilbakemeldingar frå deltakarane.


Anne Løken – LA

På onsdag klokka 13:30 starta sjølve haustsamlinga. Nytt for året var at vi hadde gåt t bort frå temabolkane på samlinga, dermed gjekk alt program i plenum, med unntak av tillitsvalde/tilsette sin time og fylkesvise samlingar.

Fyrst ut på onsdagen, etter at alle var ynskt velkomne, var Anne Løken frå Landbrukets Arbeidsgiverforening. Løken orienterte om dei nye korttids- arbeidskontraktane/timelistene som skal nyttast i laga.


Liv-Julie Wågan – NLT

Etter Løken var det nestleiar i NLT, Liv-Julie Wågan, som presenterte forslag til markeds- og kommunikasjonsplan for organisasjonen. Etter gjennomgangen vart deltakarane delt inn i grupper og gruppearbeid stod på programmet. Gruppearbeidet vart avslutta med oppsummering.

Siste post på programmet for første dag var diverse informasjon/oppfølgjing med Frode Alfarnes. Han starta med beredskapsløysingar der han fekk Gjermund Stuve, frå Landbrukstenester Hordaland, til å informere om tanken bak ei slik løysing. Etterpå vart det kort orientert om inkassoavtale og internkontroll.

Årets Avløysarar 2010: f.v. Morten Bjerkely, Jan Skulstad og
Knut Magne Skoe, Nils Lidal var ikkje tilstades under haustsamlinga

Festmiddagen om kvelden gjekk

føre seg i eige lokale med dans og musikk etterpå. Under sjølve middagen vart fire årets avløysarar heidra.
Desse fire er:
  • Knut Magne Skoe frå Landbrukstjenester Sør
  • Morten Bjerkely frå Hadeland Avløysarlag
  • Jan Skulstad frå Landbrukstenester Solør Odal
  • Nils Lidal frå Landbrukstenester Sogn

Vi gratulerer med tittelen og ynskjer dei lukke til vidare i yrket.


Dag 2


Trond W. Nygren – LA

Torsdag morgon vart opna med informasjon om den nye samvirkelova. Trond W. Nygren, frå Landbrukets Arbeidsgiverforening, rettleia oss om endringar som må gjerast i høve vedtekter.

Vidare vart det orientert om ansvarsforsikringa av Birthe Roll, meklar i Willis og Ingelin Føllesdal som er sakshandsamar i Tryg Forsikring. Etter dei var det Olav Martens frå Vertikal Helseassistanse som fortalde om det nye forsikringstilbodet i NLT, helseforsikring.

 

 

Forsikring: f.v. Birthe Roll (Willis), Ingelin Føllesdal (Tryg) og Olav Martens (Vertikal) 

Jens Windju frå Fylkesmannens Landbruksavdeling i Hedmark entra podiet etterpå og

 

Jens Windju -Fylkesmannens Landbruksavdeling

fortalde eindel om sakshandsamingsrutinane ved sjukdom.

Når Windju var ferdig var det klart for lunsj. Etter lunsj gjennomførde vi tillitsvalde og tilsette sin time etterfulgt av fylkesvise samlingar.

Det er klart at når vi er så mange samla står og fell mykje på lokalitetane. Mange vil nok på evalueringa påpeike det med lokalitetane, det vert litt trangt og vanskeleg å finne plass til spesielt fylkesvise samlingar. Dette er noko vi må sjå litt på til neste år. Evalueringa etter samlinga er ikkje klar enno, den vil bli lagt ut straks alle har evaluert på nettet.

Under her har vi videoklipp frå samlinga. Torbjørn Aalton i Landbrukstenester Folgefonna filma under store deler av samlinga og vi vil takke han for jobben han har gjort.

Film frå samlinga

Klipp frå intervju med dagleg leiar i Livold – Sten-Åge Digerud.

Klipp frå intervju med direktør i LA – Nikolai Astrup Westlie.