Haustsamling 2015

I år arrangerte NLT for første gong ei felles haustsamling for heile landet. Samlinga var i år på Værnes, og det var heile 232 påmeldte.

I forkant av haustsamlinga arrangerte vi som vanleg kursdag. Her var det 132 påmeldte som fordelte seg ut på seks ulike kurs. Kursa starta etter lunsj tysdag 21.oktober, og varte fram til lunsj 22. oktober.

Ingebrigt Steen Jensen opna Haustsamlinga, her ilag med nestleiar i NLT, Bodil Mannsverk.

Ingebrigt Steen Jensen opna Haustsamlinga, her ilag med nestleiar i NLT, Bodil Mannsverk.

Haustsamlinga starta med ein times innlegg med motivator Ingebrigt Steen Jensen. Han klarte med sine formidlingevner å få fram mange gode poeng til ettertanke, men han fekk og heile salen til å bryte ut i latter fleire gonger. Ingen tvil om at dette var ein god inngang til resten av samlinga.

Nytt av året var at deltakarane kunne velja ulike tema dei ville delta på under samlinga i tillegg til det som var i plenum. Det var ulike tema som var retta mot både tillitsvalde og tilsette i laga.

I tillegg til dei faste postane på programmet, var det lagt inn gruppearbeid mellom laga. Her vart gruppene utfordra på ein del punkt, samt at dei fekk ta opp saker som er aktuelle for dei ulike laga. Vi hadde og  styreleiar- og dagleg leiar samling der vi mellom anna tok opp ein del av dei punkta som kom fram under gruppearbeidet.

Årets Avløysar

Kvart år kårar vi Årets Avløysar i fylka. I år vart elleve dyktige avløysarar heidra med denne tittelen, og alle vart invitert til å delta på haustsamlinga. Sju av desse dyktige avløysarane deltok på samlinga medan fire ikkje hadde anledning til å delta. Under festmiddagen på haustsamlinga vart alle heidra med god omtale, diplom, NLT-klokke og blomar. I heile landet er det avløysarar som gjer ein solid og god jobb for bonden, og NLTv er glad for at vi kan gjera litt stas på nokre av desse. I 2016 er det nye sjansar til å verte Årets Avløysar og vi håpar alle lag sender inn gode kandidatar til prisen.

Årets Avløysarar 2015: Frå venstre: Rolf Erik Røhjell, Bjørn Myhre, Erik Gimse Thoresen, Kåre Kvamme, Søren Thomsen, Jon Eivind Skogstad og Harald Svendheim Nilsen. Foto: NLT

Årets Avløysarar 2015: Frå venstre: Rolf Egil Røhjell, Bjørn Myhre, Erik Gimse Thoresen, Kåre Kvamme, Søren Thomsen,Jon Eivind Skogstad og Harald Svendheim Nilsen. Foto: NLT

Desse vart kåra til Årets Avløaysar i 2015

Rolf Egil Røhjell – Møre og Romsdal – Landbruk Nordvest
Kåre Kvamme – Sogn og Fjordane – Landbrukstenester Sogn
Tore Kyte – Hordaland – NLT Voss
Erik Gimse Thoresen – Buskerud – Lier og Omegn Avløserlag
Bjørn Myhre – Østfold – Landbrukstjenester Østfold
Bente Grefsrud – Oppland – Landbrukstjenester Hadeland – Toten
Søren Thomsen – Sør-Trøndelag – Trondheim og Omegn Avløserlag
Jon Eivind Skogstad – Nordland – Helgeland Landbrukstjenester
Harald Svendheim Nilsen – Hedmark – Landbrukstjenester Solør Odal
Jonny Lystad – Akershus – Landbrukstjenester Akershus
Henning Vistnes – Rogaland – Avløysarlaget Nord-Jæren

Dei fire som ikkje kunne møte fekk prisen tildelt via sin daglege leiar. Frå venstre Njål Forthun mottok for Tore Kyte, Anita Ødegård mottok for Bente R. Grefsrud, Reidun Bjaanes Hov mottok for Henning Vistnes og Kjerstin Ø. Thesen mottok for Jonny Lystad. Foto: NLT.

Dei fire som ikkje kunne møte fekk prisen tildelt via sin daglege leiar. Frå venstre Njål Forthun mottok for Tore Kyte, Anita Ødegård mottok for Bente R. Grefsrud, Reidun Bjaanes Hov mottok for Henning Vistnes og Kjerstin Ø. Thesen mottok for Jonny Lystad. Foto: NLT.

Her kan du lese omtale av alle prisvinnarane

Lang og tru teneste

Sidan 2011 har NLT heidra tilsette i administrasjonen i medlemslaga for lang og tru teneste. Denne prisen vert ein tildelt når ein har passert 25 år i teneste for eit medlemslag. I år var det tre tilsette som var kvalifisert for denne prisen. Prisen vart utdelt på haustsamlinga.

Desse fekk prisen for lang og tru teneste i 2015:

Kari Stokkebekk – NLT-Sunnfjord
Valborg N. Lindgren – Landbrukstjenester Telemark
Bjørn Hofsmo – Landbrukstjenester Midt-Trøndelag

Pris for lang og tru teneste vart tildelt (f.v.) Kari Stokkebekk, Valborg N. Lindgren og Bjørn Hofsmo. Foto: NLT

Pris for lang og tru teneste vart tildelt (f.v.) Kari Stokkebekk, Valborg N. Lindgren og Bjørn Hofsmo. Foto: NLT

 

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *