Haustsamling 2018

I år arrangerte Norske Landbrukstenester haustsamling på Scandic Hell, Værnes. I overkant av 200 deltakarar var samla 31.okt-1.november. I forkant av haustsamlinga arrangerte vi som vanleg kursdag. Her var det heile 110 påmeldte som fordelte seg ut på seks ulike kurs. Kursa starta etter lunsj tysdag 30.oktober, og varte fram til lunsj 31.november.

Humørbonden Geir Styve held eit fengande flott føredrag.(Foto: NLT)

Humørbonden Geir Styve opna Haustsamlinga med eit fengjande føredrag om HMS i kvardagen. Dette var eit innlegg som fekk lattermusklane i sving, samtidig var det mange gode poeng til ettertanke og som fekk dei fleste salen til å setja ting i perspektiv. Ingen tvil om at dette var ein god inngang til resten av samlinga.

Under samlinga hadde deltakarane mange ulike fagseksjonar å velja mellom i tillegg til dei faste programpostane. Det er viktig med fagleg påfyll, men også den sosiale biten er viktig. Haustsamlinga er ein god arena der ein kan læra av kvarandre og gjera kvarandre betre.

Prisutdeling

Kvart år kåra vi Årets Avløysar i fylka. I år var det ny rekord i høve kåringa og heile 11 dyktige avløysarar vart heidra med denne tittelen. Alle var invitert til Haustsamlinga og forutan ein så kunne alle stille. Under festmiddagen på haustsamlinga vart alle heidra med god omtale, diplom, NLT-klokke og blomar.
I heile landet er det avløysarar som gjer ein solid og god jobb for bonden, og NLT er glad for at vi kan gjera litt stas på nokre av desse.

Du kan lese meir om Årets Avløysarar her.

Hans Nummestad vart heidra for godt arbeid i 25 år for bonden.
(Foto NLT)

Sidan 2011 har NLT heidra tilsette i administrasjonen i medlemslaga for lang og tru teneste. Denne prisen vert ein tildelt når ein har passert 25 år i teneste for eit medlemslag.
I år var det ein tilsett som var kvalifisert for denne prisen; Hans Nummestad, Landbrukstjenester Østfold. Prisen vart utdelt på haustsamlinga.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *