Haustsamling 2010 – invitasjon og påmelding

NLT inviterer med dette til haustsamlingane. Det er også i år to samlingar som vert haldne slik:

Scandic Gardermoen Oslo Airport, 20. og 21. oktober for fylka: Sogn og Fjordane, Hordaland, Rogaland, Vest- og Aust-Agder, Telemark, Vestfold, Buskerud, Akershus, Hedmark, Oppland og Østfold.  Påmeldingsfrist 3. oktober

Rica Hell, Stjørdal 10. og 11. november for fylka: Finnmark, Troms, Nordland, Nord-Trøndelag, Sør-Trøndelag og Møre og Romsdal. Påmeldingsfrist 11. oktober.


Her finn du foreløpig program for samlingane. Nytt av året er at samlinga ikkje er oppdelt i tema. Difor vert all informasjon i plenum. Fylkesvise samlingar og tillitsvalde og tilsette sin time vert om lag som før.

NLT tek atterhald om endringar i programmet!

Samlingane startar med lunsj første dag og sluttar kl. 1500 andre dag.

Kursdelen i forkant av samlingane er kunngjort i eige skriv som du finn her! 

NLT dekkjer alle kostnader; reise, opphald (fullpensjon), førelesarar og festmiddag. Tapt arbeidsinntekt og utgifter til vikar/avløysar vert ikkje dekka av NLT.I ettertid vil laga bli fakturert for ein eigendel på kr. 2500,00 pr. deltakar. De kan melda på deltakarar berre for ein dag; eigendelen blir då kr. 1500,00.

Påmelding – frammøte:
Det vert berre lagt ut elektronisk påmeldingsskjema på heimesidene våre: Klikk her for å kome til skjema påmelding – Haustsamling 2010. Fyll ut påmeldinga snarast råd er.
Det gjeld også dei lag som ikkje kan/vil møta, de skal bruke dette skjemaet. Det hjelper oss med å halda oversikt.

HUGS: BERRE  ei påmelding pr. deltakar. Hugs e-postadressa og mobiltelefon på kvar enkelt deltakar. Vidare om vedkomande er tilsett eller tillitsvald.
Det er ikkje noko grense for tal på deltakarar frå kvart lag.

Avmeldingsfristen er seinast 10 arbeidsdagar før samlinga. Dersom denne fristen ikkje vert halden, vil laget bli fakturert for NLT sine faktiske kostnader. Ved sjukdom etter denne fristen må sjukemelding sendast oss. Kontakt oss snarast ved andre uforutsette hendingar.Dersom du ikkje kan møta på den samlinga du ”høyrer” til, er det råd å melda seg på den andre. Ta kontakt med NLT i så fall.

Evt. flybillettar vert tinga av NLT. Ver difor nøye med utfylling av påmeldinga. For dei som har meldt seg på kurs i forkant, vert dette tilpassa. Eiga tinging av flybillettar berre etter avtale med NLT.

Vi tek atterhald om at det kan bli endringar på kort varsel.
Vi ynskjer alle hjarteleg velkomne til til samlingane! Beste helsing

Styret og administrasjonen.