God deltaking på Haustsamlingane

Haustsamling -Alle2Som vanleg har NLT arrangert og gjennomført to Haustsamlingar hausten 2014. Vi starta med haustsamling sør på Gardermoen 22.-23. oktober samt ein kursdag den 21. oktober. På denne samlinga var det 113 påmeldte, der 64 av deltakarane var på kurs i forkant av samlinga. Samlinga i nord vart halde 12.-13 november med kursdag den 11. november på Værnes. På denne samlinga var det 133 påmeldte der 82 deltakarar var på kurs i forkant.

Den raude tråden for samlingane i år var korleis ein skal møte framtida for å kunne yte best mogleg service for bonden. NLT er i gang med ny strategisk plan og deltakarane vart utfordra til å komme med innspel på korleis NLT skal arbeide vidare. NLT fekk inn mange innspel, og desse tek styret med seg vidare i det strategiske arbeidet.

Som alltid var det eit godt engasjement frå deltakarane. I tillitsvalde og tilsette sin time fekk deltakarane høve til å ta opp saker som er aktuelle i kvardagen, dette er eit godt fora for å høyre korleis andre arbeidar og løyser oppgåvene. Det er alltid småting som kan gjera kvardagen enklare for medlemslaga og dei tillitsvalde.

Årets Avløysar

Under festmiddagen var det tid for kåring av årets avløysar i fylka. Tilsaman var det ni dyktige avløysarar som vart kåra til Årets Avløysar 2014. Alle ni vart invitert til haustsamlingane saman med ektefelle/sambuar, og dei aller fleste hadde høve til å vera med.
Desse ni fekk prisen i år:

Årets Avløysarar i Sør. Frå venstre: Raymond Myrvold, Roy Lennert Almedal, Karoline Klokkhammer og Ann Kathrin Pedersen. Kjell Vangen og Terje Skåre var ikkje tilstade.

Årets Avløysarar i Sør.
Frå venstre: Raymond Myrvold, Roy Lennert Almedal, Karoline Klokkhammer og Ann Kathrin Pedersen. Kjell Vangen var ikkje tilstade.

Årets Avløysarar i Nord. Frå venstre: Alf Børge Vonheim, Magne Engdal og Jan Pål Fugledal.

Årets Avløysarar i Nord. Frå venstre: Alf Børge Vonheim, Magne Engdal og Jan Pål Fugledal.

Årets Avløysar i Oppland, Kjell Vangen tilsett i Valdres Landbrukstjenester

Årets Avløysar i Oppland, Kjell Vangen tilsett i Valdres Landbrukstjenester

  • Kjell Vangen tilsett i Valdres Landbrukstjenester, Oppland
  • Karoline Klokkhammer tilsett i Landbrukstjenester Sør, Aust-Agder
  • Roy Lennert Almedal tilsett i Landbrukstjenester Sør, Vest-Agder
  • Terje Skåre tilsett i NLT-Hordaland, Hordaland
  • Raymond Myrvold tilsett i Landbrukstjenester Solør Odal, Hedmark
  • Ann Kathrin Pedersen tilsett i Landbrukstjenester Akershus, Akershus
  • Jan Pål Fugledal tilsett i Landbruk Nordvest, Møre og Romsdal
  • Magne Engdal tilsett i Oppdal Avløserlag, Sør-Trøndelag
  • Alf Børge Vonheim tilsett i Brønnøy Landbrkstjenester, Nordland

NLT gratulerar nok eingong desse flotte ambassadørane for avløysaryrket!

Lang og tru teneste (over 25 år i administrasjonen)

Sidan 2011 har NLT heidra tilsette i administrasjonen i medlemslaga for lang og tru teneste. Denne prisen vert ein tildelt når ein har passert 25 år i teneste for eit medlemslag. I år var det tre tilsette som var kvalifisert for denne prisen. Prisen vart utdelt på haustsamlinga, men sidan Reidun Mæland ikkje kunne delta fekk ho prisen på eit medlemsmøte i Rogaland.
Desse tre fekk prisen i år:

Reidun Mæland vert tildelt pris for lang og tru teneste, av Frode Alfarnes

Reidun Mæland vert tildelt pris for lang og tru teneste, av Frode Alfarnes

Dagfrid Humlestøl og Berit Sand fekk tildelt pris for lang og tru teneste på Haustsamlinga i Sør.

Dagfrid Humlestøl og Berit Sand fekk tildelt pris for lang og tru teneste på Haustsamlinga i Sør.

  • Reidun Mæland tilsett i Hjelmeland Avløysarlag
  • Berit Sand tilsett i landbrukstjenester Akershus
  • Dagfrid Humlestøl tilsett i Flora Avløysarlag

NLT gratulerar igjen og takkar for framifrå arbeid i over 25 år!

Vi takkar alle deltakarane for i år og håpar vi sjåast til neste år. Det er ingen tvil om at slike samlingar er viktig både i forhold til påfyll av kunnskap, men ikkje minst det sosiale som sveisar NLT-organisasjonen enno betre saman. Skal vi møta framtida på best mogleg måte for bonden er det viktig at vi dreg i same retning og i rett retning.

Vi vil og takka våre samarbeidspartnera som var med oss under samlinga og sist, men ikkje minst våre kurshaldera og føredragshaldera.

Vi sjåast i 2015  😉

Styret i NLT. Frå venstre: Finn Egil Adolfsen, Aud Fossøy, Bodil Mannsverk, Jorulf Refsnes og Harald Lie

Styret i NLT. Frå venstre: Finn Egil Adolfsen, Aud Fossøy, Bodil Mannsverk, Jorulf Refsnes og Harald Lie

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *