Fyrste styremøte unnagjort

Fyrste styremøte for det nye NLT-styret er unnagjort. Møtet vart halde over to dagar i administrasjonen sine lokaler i Rosendal. Styret var fulltallige med unnatak av Bodil Manssverk. Sidan dette var det fyrste møtet etter årmøtet var 2. og 3. vararepresentant også invitert til møtet.


Frå venstre: 1. vara Elin R. Haugen, styremedlem Finn-Egil Adolfsen, dagleg leiar Frode Alfarnes,
styreleiar Harald Lie, styremedlem Gjermund Stuve, nestleiar Jorulf Refsnes, 3. vara Ivar Aae og 2. vara Wenche Husby.

Styret fordelte arbeidsoppgåver til styrmedlemer og administrasjonen. I tida framover legg styret opp til fokus på sal og verving. Vidare vart programmet for vårsamlinga så og seia klart, og dette vil vi leggja ut i løpet av veka, samt påmeldingsinformasjon.

Neste styremøte vert føre Vårsamlinga på Hell Hotel, 27. mai. Dersom det er saker medlemslaga vil ta opp så kan det sendast til NLT.