Fritidsulykke forsikring

Fritidsulykkeforsikring

Dette skadeskjema skal nyttast på skade skjedd etter 01/10/15 Dette skadeskjema skal nyttast på skade skjedd etter 01/10/15

Dette skadeskjema skal nyttast på skade skjedd før 01/10/15 Dette skadeskjema skal nyttast på skade skjedd før 01/10/15

Forsikringa gjeld i arbeidstakaren si fritid, yrkesskadeforsikringa gjeld berre i arbeidstid. Fritidsulykkeforsikringa er først og fremst berekna på arbeidstakarar med stillingsprosent over 50%. Alle kontortilsette bør sjølvsagt vera dekka.

Forsikringa skal teiknast personleg med namn på den forsikra. Namna skal registrerast her på lagets si interne side. Namnelista skal ajourførast ved endringar. Alle som er med må vera medlem av norsk folketrygd.

NB! Dersom laget betalar denne forsikringa til avløysaren skal dette lønsmeldast.

Forsikringa dekkjer:

  • Ulykkesskade som rammar den sikra i fritida
  • Dødsfallerstatning til den forsikra sine barn
  • Invaliditetserstatning til den forsikra
  • Tap av framtidig inntekt til den forsikra

Les vilkår for erstatningssummar.

Kriseforsikring

Dersom ein har teikna både yrkesskadeforsikring og fritidsulykkeforsikring har ein også kriseforsikring.

Denne forsikringa omfattar:

  • Ran, overfall, voldtekt (må politimeldast)
  • Ulykkestilfelle
  • Brann, eksplosjon eller innbrot
  • Flykapring

Forsikringa gjev rett til dekning av utgifter til krisehjelp med inntil 10 behandlingstimar pr. forsikra. Behandlingstida er begrensa til 12 månader frå skadedato.

Frist for å melde sak: 1 år frå skadetidspunkt. Klagefrist på eventuelt avslag, 6 månader etter skriftleg avslag.

NB! Produktoversikta er meint som informasjon og er ikkje uttømande vilkår.
Forsikringsvilkåra finn de her (passordbeskytta).

Spørsmål om forsikringane kan rettast til NLT, tlf. 97 11 30 74

Selskap: Landbruksforsikring AS