Fordeler med medlemskap i NLT

Fordelar med å vera medlem i Norske Landbrukstenester (NLT)

Framforhandla fellesløysingar til reduserte kostnader;
  • Webtemp
    Løysing for elektronisk innhenting og føring av timelister. Er og verktøy for kommunikasjon med medlemar og tilsette. Gjev medlem elektronisk tilgang til sitt kundeforhold i laget.
  • HMS-handbok
    Det er utvikla ei eigen HMS-handbok for medlemslag levert frå Sticos. I tillegg til å vera eit standard internkontrollsystem for laga, er denne utvida til å innehalda skjema og løysingar som er spesielt ved drift av landbrukstenester. Tilgong er gratis for medlemslag.
  • Samvirkesenteret
    NLT dekker medlemsskap for alle våre medlemslag i Samvirkesenteret. Denne organisasjonen har kompetanse på alt som har med drift av samvirkeføretak å gjera.
  • Livold
    Arbeidsklede med eigen profil.
  • Terminalserver
    Driven etter kostpris, dvs. at medlemslag får ein rimeleg tilgang til serverløysing. Fordel ved dette er at ansvar for alle oppdateringar og sikkerheitskopiering ligg sentralt. I tillegg så kan ein koble seg opp uavhengig av eigen lokasjon.
  • Heimeside
    Utarbeida eigen mal og eit godt tilbod på løysing for heimeside frå Netsense. Eigen statisk side vert utarbeidd for dei lag som ikkje har fått eigen løysing på plass. NLT tilbyr hjelp for å oppretta og vedlikehalde løysinga inkludert i medlemskapet.
  • E-postløysing
    Exchange løysing frå Netsense med tilgang til adresser med NLT-domenet.
  • Compendia
    Oppslagsverk på lover og regler som arbeidsgjevar.
  • Auto plan
    Avtale om leasing av bilar.
  • Abax
    Avtale om Elektronisk køyrebok.
  • Orcla Credit
    Avtale om inkassotenester.
  • Esso card
    Rabattkort på drivstoff.
Hjelp til dagleg drift i laget

Innan dei tenestene som vil leverer så er all brukarstøtte som laget har behov for inkludert i medlemsskapet. Er det spørsmål vi ikkje har kompetanse på vert dette formidla vidare til korrekt instans. I det daglege så hjelper vi med følgande;

  • Dataproblem
    Alt frå oppsett av datamaskin til installasjon av programmer, eller løysing av andre tekniske problem.
  • Rekneskap og løn
    Hjelp til spørsmål angåande lønskøyring eller rekneskapsføring.
  • Avtaler og anna regelverk
    Vi svarer på generelle spørsmål og søker svar hos samarbeidspartnarar ved behov.
  • Strategi, organisasjon og struktur
  • Delta på medlemsmøte/årsmøte i laget
    Vi kan delta på Årsmøte/medlemsmøte eller ved andre forspørsler.

I tillegg til den direkte hjelpa ut mot det enkelte medlemslag så består mykje av arbeidet i NLT med å utvikla velferdsordningane i landbruket til det beste for næringa. Dette er eit arbeid som kjem alle til gode uavhengig av medlemskap eller ikkje. Ein vil ha betre gjennomslag om ein representerer mange. Det er faglaga som skal vera pådrivar for å få på plass landbrukspolitikken vår, men vi skal vera ein «vakthund» når det gjeld velferdsordningane.

Forsikring i NLT

Norske Landbrukstenester har i over 20 år framforhandla gode forsikringar for våre medlemslag. Forsikringane har gjennom åra endra seg etter kva behov vi ser at medlemslaga har.

Ansvar
Eit døme på dette er utviklinga av ansvarsforsikringa. Vi har gjennom mange års erfaring fått utvikla vilkåra rundt denne forsikringa slik at den skal passe medlemslaga våre best mogleg. Dette betyr at ansvarforsikringa vi tilbyr ut til laga er meir komplett enn standard ansvarsforsikring som forsikringsselskapa tilbyr. Eit døme på bruken av denne forsikringa er når arbeidstakar mjølker penicilinmjølk på tanken. Med forsikring gjennom laget kan då bonden få erstatning for tapet, dette er noko bonden ikkje kan forsikra seg for.

Yrkesskade
NLT er oppteken av at våre arbeidstakarar skal vera godt sikra når dei er ute i arbeid og tilbyr sjølvsagt den lovpålagte yrkesskadeforsikringa. I tillegg er vår yrkesskadeforsikring utvida til å gjelda når ein reiser til og frå arbeid. Vidare er den utvida til også å gje erstatning ved invaliditetsgrad frå 1-15%. Standardvedtekter her seier at ein ikkje får erstatning med invaliditetsgrad under 15%. Med våre vilkår vil til dømes ein arbeidstakar få erstatning om vedkommande skulle vera uheldig og kappe av seg langfingeren, dette ville vedkommande ikkje fått etter standardvilkår.

Andre forsikringar
Vidare har arbeidstakar høve til å kjøpe ulukke fritidsforsikring til ein god pris. Då er ein forsikra heile døgeret for ulukker med vilkår som er tilsvarande yrkesskadeforsikringa. Helseforsikring er det og høve til å kjøpa både for bønder og arbeidstakarar. Denne er særs rimeleg og NLT gjekk inn på denne forsikringa med eit ynskje om å få både bonden og arbeidstakarane tilbake i arbeid så raskt som mogleg.

Utanom forsikringane som er nemnd over tilbyr vi medlemslaga styreansvarsforsikring, formuetapsforsikring, kriminalitetsforsikring, konsernbilforsikring og reiseforsikring.

Skadestatistikk og pris
Vi har gode prisar på forsikringane. Kvart år vert forsikringane reforhandla gjennom vår forsikringsmeklar. Då veit vi at vi til ei kvar tid har best forsikring med beste prisar.

Dersom eit lag vel å melde seg ut av NLT må laget stå for forsikringane sjølve. Ser vi då til dømes på yrkesskadeforsikring som er lovpålagt, kan laget få eit brukande tilbod av eit forsikringsselskap. Det som er vesentleg då er at det eine laget får ein eigen skadehistorikk, den vert ikkje fordelt på 93 medlemslag. Om dette laget då får ein alvorleg skade på ein av sine tilsette og må nytta yrkesskadeforsikringa, kan det verte ei stor utbetaling til den tilsette. Dette vil i neste omgang vere med på å skru opp prisen på yrkesskadeforsikringa til dette laget året etterpå, nettopp fordi laget står aleine om skadehistorikken sin. Historikken vert med andre ord ikkje fordelt på 93 lag, men kun det eine.

Årsmøtet i NLT gjorde i 2016 ei endring i vedtektene til NLT. Vedtaket under §3 Medlemskap, punkt 9 seier at lag som vil melda seg inn i NLT ikkje skal ha hatt forsikringsskader dei siste 2 åra. Grunnen til at dette vedtaket vart gjort er at om eit lag melder seg ut og får ein stor skade, vil skadehistorikken til dette laget følgje med inn i NLT dersom dei melder seg inn att. Det hadde vore naturleg at eit lag ville melde seg inn att etter ein stor skade for då å få rimelege forsikringar att.

Kurs og konferanse

Norske Landbrukstenester arrangerer kvart år to samlingar for medlemslaga. Ei om våren og ei om hausten. Vårsamlinga er lagt opp som ei rein kurssamling, der ansatte og tillitsvalde i laga får tilbod om å delta på aktuelle kurs.
Haustsamlinga er lagt opp som kurs- og konferansesamling. Første del av samlinga er reine kursdagar, medan siste del er konferanse der ein får fagleg påfyll både i plenum og grupper. Ein har her moglegheit til å velja mellom fleire seksjonar med ulike tema.

NLT står for størstedelen av utgiftene medan laga betaler ein lik eigendel pr. deltaker, slik at det vert lik kostnad for alle, uavhengig av reiseavstand med meir.

I tillegg får medlemslaga hjelp frå administrasjonen til å arrangera lokale kurs dersom det er ynskjeleg.

HMS-handboka

Administrasjonshandboka er produsert etter førespurnad frå våre medlemslag. Handboka samlar og forenklar kommunikasjon og gjer tilgang til viktig og nyttig informasjon for alle administrasjonstilsette. Alle vil raskt finne svar på det dei undrar seg over.
Handboka har som intensjon å vera brukarvenleg, og er meint å vera eit sentralt styrings- og støtte verktøy. Her skal du finne råd og tips i ulike situasjonar, samt få god oversikt over juridiske rammevilkår.  Løysinga er nettbasert og alltid tilgjengeleg – når og kvar som helst.