Flotte dagar på Dyrsku’n

12002179_1043870558980846_4375603537743633886_nDå er tre dagar med stand på Dyrsku’n over for denne gongen. Vi har hatt nokre innhaldsrike dagar der vi har fått snakka med mange avløysarar, bønder og andre som er glad i norsk landbruk. Som dei fleste som var innom fekk med seg hadde vi to konkurransar gåande. Ein dagskonkurranse i form av quizz og tipping av vekt på mjølkespann som gjekk gjennom heile helga.

143 personar deltok på quizzen og vinnarane her vart:

Fredag: Eivind Eide Reime
Laurdag: Odd Arild Åsemoen
Sundag: Liv Jorunn Hjorteland

Vi gratulerar vinnarane nok eingong. Dei er kontakta og fekk med seg ei flott NLT-Rumpetaske. Vi takkar alle som deltok og vi lovar nye sjansar om ca eit år 🙂

603 personar deltok på tipping av vekta på mjølkespannet. Vi kan opplysa om at mjølkespannet vog 10,51 kilo og det var seks personar som var nærast og mangla kun eit gram.

Vi har teke ei trekning blant desse seks og vinnaren vart Asbjørn Brattabø frå Jondal. Han har vunne seg ein flott NLT-mjølkedress. Vi gratulerar!

Til slutt vil vi takka alle som kom innom oss for ein prat.