Ferieavvikling og nyheitsbrev

Kalenderen viser at vi faktisk snart er i komen til juli. Her på vestlandet kunne det like godt vore desember om vi skal gå ut frå temperatur og mengd nedbør. Likevel så vel vi å vere optimistar, slik dei fleste innan landbruket er, og satsar på at både varmen og sola vil visa seg fram snart.

I administrasjonen tek vi sumarferie på litt ulike tider slik at vi skal kunna hjelpa våre medlemslag så godt som råd gjennom feiretida. Kontoret vil vera bemanna kvar dag med unntak av onsdag-fredag i veke 29.

Dersom du skal ringe til oss i sumar vil vi oppmoda deg om å ringe hovudnummeret vårt, 53 48 22 80.

Vi ynskjer alle ein retteleg god og varm sumar, helsing oss i NLT 🙂

Her finn du vårt ferske nyheitsbrev

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *