Årsmøtet i NLT for 2009

Årsmøtet i NLT for 2009 vart halde 16. og 17. mars på Thon Hotell Oslo Airport
Styreleiaren, Astrid Westberg, ønskte velkomen og overlet ordet til møteleiaren, Kjetil Larsgard. Etter godkjenning av innkalling og saksliste, gjekk ein over til saksliste.
Både årsmeldinga og rekneskapen vart godkjende samrøystes, utan særlege kommentarar. Det som vart understreka frå styret si side var at underskotet for 2009 på kr. 1.132.772,89 ikkje var eit normalår. Dette har samanheng med tilbakebetalingar til laga, noko som vart vedteke på årsmøtet i fjor.


Styret la fram forslag til arbeidsplanen for 2010. Den vart godkjend med nokre små endringar. Desse vil vi koma attende til i det endelege årsmøtereferatet. Det same gjeld vedtektsendringane.
Innstilling til kontingent og budsjett vart samrøystes godkjent.
Sjå elles årsmeldinga for 2009 om bakgrunn. Også denne finn du på heimesida.

Leiar i valnemnda, Hans Nummestad, la fram forslaga til val av nye tillitsvalde.
Valet vart gjennomført utan endringar i høve til valnemnda si innstilling.

Det nye styret i NLT: fv. Finn Hoff, Elin Rømyhr Haugen, Jørn Haugli Lunde, Turid L. Øverås, Liv-Julie Wågan og Jorulf Refsnes.

Det nye styret er no:
Leiar for 1 år. Finn Hoff, Sør-Trøndelag, ny

Styremedlem for 2 år:
Liv-Julie Wågan, Nordland, ny
Turid L. Øverås, Møre og Romsdal,
repr. Tilsette, ny

Styremedlemer:

Jorulf Refsnes, ikkje på val
Jørn Haugli Lunde, ikkje på val

Nestleiar for 1 år:

Liv-Julie Wågan, Nordland

1. varamedlem for 1 år

Elin R. Haugen, Oppland, ny

Etter valet, vart Astrid Westberg , Ellen Svarstad og Ingrid Løset takka for innsatsen i styret. Dei vart overrekte kvar sitt NLT-ur og blomehelsingar.

Dei tre nye styrerepresentantane vart ønskt velkomne av den nye styreleiaren og fekk kvar si NLT-nål.

Endeleg og utførleg valoversikt vil koma i årsmøtereferatet.

Også i år hadde vi gjester til årsmøtet. Den første som fekk ordet var den nye generalsekretæren i Norges Bondelag , Per Skorge. Han tok for seg ein del problemstillingar i dei komande jordbruksforhandlingane. Det er mange hensyn å ta, men han trudde nok at auke i produksjonstilskotet nok ville bli prioritert i år. Men våre innspel var lagt merke til, så desse vil også bli vurderte. Velferdsordningane er høgt prioriterte og vi må saman arbeide for at desse vert enno betre.

Landbruksdirektør hos Fylkesmannen i Oslo og Akershus, Morten Ingvaldsen, bar fram helsing frå området vi hadde årsmøtet i, Akershus.
Han tok for seg ein del utfordringar som områda kring Oslo har, ikkje minst jordvernet. Det er eit stort press for å få meir tomteland. Han rekna med at dei neste ti åra ville folketalet i området auka med minst 100.000 personar. Vidare kunne han fortelja at dei no jobba med å få til ein meir allsidig jordbruksproduksjon i området, ikkje som no; mest korn og planteproduksjon.

Også Atle Janssen frå Bygdservice Norge var til stades under årsmøtet. I tillegg til å informere om den verksemda Bygdeservice driv, inviterte han og årsmøtet med å koma med forslag om eit utvida samarbeid på fleire område enn i dag.