Årsmøte

Årsmøte i Norske Landbrukstenester

Papir til årsmøte 2014, 23 – 24. mars 2015 Papir til årsmøte 2014, 23 – 24. mars 2015

Årsmøtet er NLT sitt høgaste organ og skal haldast kvart år innan utgangen av april.

Samansetjing: Kvart fylkje har representantar ut frå talet på lokallagsmedlemmer:

1 til 499 medl                          – 2 representantar
500 til 999 medl                      – 3 representantar
1000 til 1499 medl                  – 4 representantar
over 1500 medl                      – 5 representantar
Det er innrapportert aktivt medlemstal pr. 30.april siste år som dannar grunnlaget.
Alle fylker kan vera representert med minimum 2 representantar til årsmøtet.

NLT sitt styre er ansvarleg for at det vert gjennomført fylkesvis val av utsendingar til årsmøtet. Lagsmedlemmer (bønder) og tilsette i administrasjonen i medlemslaga er valgbare som utsendingar til årsmøtet.

Kvart fylkje kan velja inntil 1 -ein- tilsett i administrasjonen i medlemslag som utsending til årsmøtet. Representantane til årsmøtet kan møta med fullmakt, men kvar representant som møter kan berre ha 1 -ei- fullmakt.

Styret i NLT er utsendingar til årsmøtet med røysterett.Styremedlemmer har ikkje røysterett under godkjenning av årsmelding og rekneskap.
Valkomiteen deltek på årsmøtet med talerett.

Styret skal med 3 -tre- vekers varsel innkalla til årsmøte. Med skriftleg innkalling følgjer sakliste og saksdokument. Saker som dei einskilde lag vil ha handsama på årsmøtet må vera styret i hende innan 1. januar.

Årsmøtet skal handsama:

  1. Godkjenning av innkalling og saklister.
  2. Val av referent, og to til å underskrive protokollen.
  3. Årsmelding og revidert rekneskap.
  4. Fastsetjing av kontingent.
  5. Arbeidsplan.
  6. Andre saker som er nemnt i innkallinga.
  7. Val:
    • Leiar for 1 år. Valet skal vera skriftleg.
    • Styremedlemmer for 2 år.
      For å  oppnå kontinuitet i styret, skal 2 -to- medlemmer kvart år stå på val, fyrste år etter loddtrekning mellom styremedlemmene. Dersom styremedlem som har funksjonstid igjen i styret vert valt til leiar, må nytt medlem til styret veljast for resten av perioden.
    • Val av nestleiar for 1 år. Valet skal vera skriftleg.
    • 3 -tre- nummererte varamedlemmer for 1 år.
    • Val av revisor.
    • Val av møteleiar og varamøteleiar til neste årsmøte.
    • Valkomité på 3 -tre- medlemmer og 1 -eit- varamedlem.
      Det vert oppmoda til brei geografisk dekning blant valkomiteen sine medlemmer. Valperioden er 3 år. For varamedlem 1 år. Første og andre år går 1 -eit- av medlemmene ut etter loddtrekning. Den som har lengst valperiode fungerer som leiar i valkomiteen. Medlemmer som går ut, kan ikkje attveljast.
    • Godtgjersle til tillitsvalde etter innstilling frå valkomiteen.
  8. Budsjett vert lagt fram på årsmøtet til orientering