Årsmøte NLT

Årsmøte for 2019 i Norske Landbrukstenester (NLT) vart halde digitalt 26. mai 2020.

Grunna Covid-19 vart årets årsmøte avvikla digitalt. Dette var ei ny oppleving for dei fleste, men gjennomføringa gjekk fint og det var godt engasjement blant utsendingane.

Frå årsmeldinga går det fram at 2019 har vore eit særs aktivt år for NLT. Arbeidet med å få betre velferdsordningar for bonden er ei kontinuerleg oppgåve som ein også i 2019 har jobba godt med. Forutan møter og aktivitet i ei rekkje utval og nemnder har ein også hatt møter med organisasjonar i landbruket, samt dei ulike politiske miljøa. I alt arbeid som vert gjort står alltid bonden sin kvardag i fokus.

NLT har også i 2019 hatt mange nyttige kurs for tilsette og tillitsvalde i medlemslaga.
32 lag brukar no Webtemp, som er eit komplett nettbasert forretningssystem for vikarbyrå. Det inneheld blant anna elektronisk levering og godkjenning av timelister og massekommunikasjon ut til tilsette og kundar. Dette forenklar kvardagen for både bonde, avløysar og administrasjonen i våre medlemsbedrifter.

Under valet vart Harald Lie attvald som styreleiar, og Tor Inge Eidesen vart vald som nestleiar. Bodil Mannsverk takka for seg etter å ha vore i styret sidan 2013, og Wiebke Slåtsveen vart vald inn som nytt styremedlem. Janne Østgaard Aagesen vart attvald for 2 nye år i styret. Resten av styrerepresentantane var ikkje på val. Ola Norvald Hagen vart vald inn som 2. vararepresentant til styret, medan Selma Cowan vart vald inn som 3. vararepresentant.

Med nemnde endringar ser styret i NLT for 2020 slik ut:

Harald Lie, Vestfold og Telemark- leiar
Tor Inge Eidesen, Rogaland – nestleiar
Finn Egil Adolfsen, Trøndelag
Janne Østgaard Aagesen, Trøndelag
Wiebke Slåtsveen, Troms og Finnmark – ny
Linda Kristin Oppedal, Vestland – 1. vara
Ola Norvald Hagen, Innlandet – 2. vara, ny
Selma Cowan, Møre og Romsdal – 3. vara, ny

Her finn du meir informasjon om styret