Årsmøte i Norske Landbrukstenester

Årsmøte for 2013 i Norske Landbrukstenetster (NLT) vart halde på Quality Airport Hotell på Gardermoen 2. og 3. april 2013.  Frå årsmeldinga går det fram at 2013 har vore eit aktivt år for NLT. Organisasjonen har vore med i ei rekkje utval og nemnder med formål å betre bonden sin kvardag.


Det har også i år vore god oppslutning om kursa som er halde. Som profesjonelle arbeidsgjevarar er det viktig at medlemslaga er oppdaterte på lover og reglar andsynes styresmaktene.

Nytt styre

Det nye styret (f.v.): Ola Mjølhus (3.vara – ny), Ivar Aae (1.vara – ny), Finn-Egil Adolfsen (styremedlem), Harald Lie (styreleiar), Jorulf Refsnes (nestleiar), Marianne hagen Lie (2. vara – ny), Bodil Mannsverk (styremedlem) og Aud Fossøy (styremedlem-ny)

Under valet vart det skifte av eit styremedlem, samt varamedlemmer. Aud Fossøy er komen inn som styremedlem, medan Ivar Aae, Marianne Hagen Lie og Ola Mjølhus er komen inn som varamedlem. Vi vil nytta høvet til å takka Gjermund Stuve, Elin R. Haugen og Wenche Husby for godt styrearbeid for organisasjonen som styremedlem og varamedlem Styresamansettinga er no:  

  • Harald Lie, Vestfold, leiar,
  • Jorulf Refsnes, Rogaland, nestleiar,
  • Bodil Mannsverk, Finnmark, styremedlem,
  • Finn Egil Adolfsen, Nord-Trøndelag, styremedlem,
  • Aud Fossøy, Sogn og Fjordane, styremedlem,
  • Ivar Aae, Møre og Romsdal, 1. vara.

 

Årets Lag

NLT-Hordaland vart kåra til Årets lag 2013. Her representert med (f.v.) Toralv Huse og Gjermund Stuve.


Årets lag 2013 vart NLT Hordaland.
Dette er ei markering av eit medlemslag som har utmerka seg gjennom året i høve profesjonalitet og medlemsyting. Som prov på at dei er årets lag fekk dei overrekt eit dreidd trefat med  ”Årets lag 2013” inngravert, samt diplom og blomar.

NLT gratulera og håpar på mange gode kandidatar til årets lag 2014.

 

Meld dykk inn i eit NLT-lag i dag