Årsmøte for 2015

Styret i NLT 2016. Fv: Tor Inge Eidessen, Aud Fossøy, Harald Lie, Bodil Mannsverk og Finn-Egil Adolfsen.

Styret i NLT 2016. Fv: Tor Inge Eidessen, Aud Fossøy, Harald Lie, Bodil Mannsverk og Finn-Egil Adolfsen.


Årsmøte for 2015 i Norske landbrukstenester (NLT) vart halde på Quality Airport Hotell på Gardermoen 5.- 6.april 2016.

Dagleg leiar Frode Alfranes

Dagleg leiar Frode Alfranes

Frå årsmeldinga går det fram at 2015 har vore eit aktivt år for NLT. Organisasjonen har vore med i ei rekkje utval og nemnder med formål å betre bonden sin kvardag. Ein har også hatt møter med andre organisasjonar i landbruket og dei ulike politiske miljøa for å få fram våre synspunkt og meiningar.

Det har også i år vore god oppslutning om kursa som er halde. Vi har i 2015 hatt eit vidt spekter av tema på kursa våre. Her har

1. nestleiar i Norges Bondelag, Kristin Ianssen.

1. nestleiar i Norges Bondelag, Kristin Ianssen.

det vore nyttige kurs både for tillitsvalde og dei tilsette i laga.

Det er og gledeleg å sjå at fleire og fleire lag tek i bruk Webtemp. Dette er eit komplett nettbasert forretningssystem for vikarbyrå. Det inneheld blant anna elektronisk levering og godkjenning av timelister og massekommunikasjon ut til tilsette og kundar på ein enkel måte.

Under første dag av årsmøte fekk vi høyra 1. nestleiar i Norges Bondelag, Kristin Ianssen halde eit engasjerande innlegg. Ho snakka om breidda og kvaliteten på norsk landbruk, og trakk fram velferdsordningane i landbruket si viktige rolle for både dyrevelferd og eit landbruk over heile landet. Ho var og innom arbeidet som vart gjort i forenklingsutvalet.

Vi hadde og ei markering av 25-årsjubileumet til NLT under årsmøtet. Her tok dagleg leiar, Frode Alfarnes oss med på ei reise frå 1991 og fram til i dag. Dette var eit historisk tilbakeblikk på milepælar gjennom desse åra. 

Årest Lag 2015 vart Vestfold Landbrukstjenester, her representert med styreleiar Jon Herman Wold-Hansen og dagleg leiar Runar Wold

Årest Lag 2015 vart Vestfold Landbrukstjenester, her representert med styreleiar Jon Herman Wold-Hansen og dagleg leiar Runar Wold

Under festmiddagen vart Vestfold Landbrukstjenester (VLT) heidra som Årets lag i NLT-organisasjonen.  Dette er eimarkering av eit medlemslag som har utmerka seg gjennom året i høve profesjonalitet og medlemsyting.  VLT er eit lag som stadig er i utvikling, har sunn og god økonomi, og blant anna har utvida drifta si ut mot gartnar og grøntsektoren. Laget er og eit føregangslag 2+2 ordninga og Webtemp.  I tillegg er det eit lag som alltid deltek påsamlingar i regi av NLT. Vi gratulerer og ynskjer dei lukke til med vidare arbeid.

Styreleiar Harald Lie

Styreleiar Harald Lie

Under valet vart Harald Lie attvald som styreleiar, og Bodil Mannsverk vart attvald som nestleiar. Det vart heller ingen endringar for resten av styremedlemmane, så styresamansettinga vert den same det komande året som førre år.

Styresamansettinga er:

  • Harald Lie, Vestfold – leiar
  • Bodil Mannsverk, Finnmark – nestleiar
  • Finn Egil Adolfsen, Nord-Trøndelag
  • Aud Fossøy, Sogn og Fjordane
  • Tor Inge Eidesen, Rogaland
  • Linda Kristin Oppedal, Sogn og Fjordane – 1. vara
  • Marianne Hagen Lie, Oppland – 2. vara
  • Einar Åbergsjord, Nordland – 3. vara

Fleire opplysningar kan de få ved å venda dykk til dagleg leiar Frode Alfarnes, tlf. 907 39 937, e-post: frode@n-lt.no