Årsmøte for 2012

Årsmøte for 2012 i Norske landbrukstenester (NLT) vart halde på Quality Airport Hotell på Gardermoen 10. og 11. april 2013. Frå årsmeldinga går det fram at 2012 har vore eit aktivt år for NLT. Organisasjonen har vore med i ei rekkje utval og nemnder med formål å betre bonden sin kvardag.



Det nye styret i NLT som vart valt på årsmøtet. Frå venstre: Gjermund Stuve (styremedlem), Jorulf Refsnes (nestleiar),
Elin R. Haugen (1. vara), Harald Lie (leiar) og Finn Egil Adolfsen (styremedlem). Bodil Mannsverk er valt inn som styremedlem, men var ikkje til stades på møtet.

 

Det har også i år vore god oppslutning om kursa som er halde. Som profesjonelle arbeidsgjevarar er det viktig at medlemslaga er oppdaterte på lover og reglar andsynes styresmaktene. 

Nytt av året var kåring av ”Årets lag”. Dette er ei markering av eit medlemslag som har utmerka seg gjennom året i høve profesjonalitet og medlemsyting. Årets lag 2012 vart Landbrukstenester Sogn. Vi gratulerar og ynskjer dei lukke til med vidare arbeid.

På slutten av dag ein var Dag Jørund Lønning, rektor ved Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling, invitert til å halde eit innlegg om ”levande bygder, med landbruket i sentrum”. Det var eit interessant innlegg om bygdenoreg sine utfordringar og moglegheitar i framtida. Bygdenoreg sit på eit mangfold av ressursar og det er måten vi handsamar desse på som avgjer om bygdene vil bestå.


Avtroppande styremedlemer frå venstre: Finn Hoff (tidlegare leiar) og Jørn Haugli Lunde (tidlegare styremedlem). Liv-Julie Wågan var ikkje til stades, men gjekk og ut av styret.

Under valet vart det skifte av styreleiar og nestleiar, samt to styremedlem. Ny leiar i NLT er Harald Lie frå Vestfold, medan Jorulf Refsnes frå Rogaland vart valt som nestleiar. Finn Egil Adolfsen frå Nord-Trøndelag og Bodil Mannsverk frå Finnmark vart valt inn som nye styremedlemar.

Vi vil nytta høvet til å takka Finn Hoff, Jørn Haugli Lunde og Liv-Julie Wågan for godt styrearbeid for organisasjonen i mange år.

Styresamansettinga er no:

  • Harald Lie, Vestfold, leiar, ny
  • Jorulf Refsnes, Rogaland, nestleiar, ny som nestleiar
  • Bodil Mannsverk, Finnmark, styremedlem, ny
  • Finn Egil Adolfsen, Nord-Trøndelag, styremedlem, ny
  • Gjermund Stuve, Hordaland, styremedlem, ikkje på val
  • Elin Rømyhr Haugen, Oppland, 1. vara, attval