Årsmøte 2011

Årsmøte for 2011 i Norske landbrukstenester (NLT) vart halde på Quality Airport Hotell på Gardermoen 11. og 12. april 2012.


Frå årsmeldinga gjekk det fram at det har vore eit aktivt år for organisasjonen. Organisasjonen har i 2011 vore med i ei rekkje utval og nemnder med formål å betre bonden sin kvardag. Vidare har organisasjonen delteke i prosessen med omstruktureringa av Landbrukets Arbeidsgiverforening (LA) og prosessen rundt medlemsskap i NHO Mat og Landbruk.

Årsmøtet diskuterte administreringa av den nye Landbruksvikarordninga. Det viser seg at handsaminga rundt landbruksvikaren og tilskott til ordninga, vert praktisert særs ulikt av

Tidlegare landbruksminister, Kåre Gjønnes, fortalde om korleis han såg på framtida til bondeyrket i Noreg

fylkesmenna i landet. NLT vil gå i dialog med SLF for å prøve å få ordninga mest mogleg lik i heile landet. Landbruksvikarordninga er uansett ei god beredskapsordning, ved sjukdom for bøndene i heile landet.

Det har også i år vore god oppslutning om kursa som er halde. Som profesjonelle arbeidsgjevarar er det viktig at medlemslaga er oppdaterte på lover og reglar andsynes styresmaktene.

I debatten under årsmøtet var årsmøtedeltakarane opptekne av at velferdsordningane måtte halda tritt med kostnadsutviklinga. Det var semje om at NLT må arbeida vidare for å få endra utbetalingstidspunktet av tilskott ferie fritid, dette for å betre likviditeten til bonden.

På slutten av første dag var tidlegare landbruksminister, Kåre Gjønnes, på talar stolen og fortalde om korleis han såg på framtida til bondeyrket i Noreg. Han la spesielt vekt på kor viktig det er å oppretthalda matproduksjonen i landet vårt. Å vera sjølvforsynt med mat er viktig i framtida.

Under valet vart styreleiar Finn Hoff frå Sør-Trøndelag attvald. Nestleiar, Liv-Julie Wågan frå Nordland fekk fornya tillit i lag med Gjermund Stuve frå Hordaland.

Styresamansettinga er no:

• Finn Hoff, Sør-Trøndelag, leiar, attval
• Liv Julie Wågan, Nordland, nestleiar, attval
• Jørn Haugli Lunde, Hedmark, styremedlem, ikkje på val
• Jorulf Refsnes, Rogaland, styremedlem, ikkje på val
• Gjermund Stuve, Hordaland, styremedlem, attval
• Elin Rømyhr Haugen, Oppland, 1. vara, attval