Årsmøte 2008 vel i hanm

Årsmøte vart halde på Quality Hotel Gardermoen, 1. og 2. april. Det vart eit godt møte. Årets avløysar Anne Karin Hofset vart heidra under festmiddagen.


Årsmøtet starta med velkomsthelsing frå Odd-Einar Hjortnæs, nestleiar Akershus Bondelag.
Årsmøtet handsama så sak 1-7 denne fyrste dagen.

Etter årsmøtesakene var det klart for innlegg til debatt og gruppearbeid, der tema var; Korleis skapar vi gode velferds- og beredskapsordningar for bonden. Innleiarar var, Svein Guldal, Norges Bondelag, Håkon Grotli, Landbruks- og matdepartementet og Ann Merete Furuberg, Norsk Bonde- og Småbrukarlag. Etter innleiinga samlast årsmøte i grupper og hadde gruppearbeid i ein time, dette vart så avslutta med debatt etterpå.

Kvelden kom og det vart klart for festmiddag og heider av Årets avløysar, Anne Karin Hofset, frå Landbrukstjenester i Sør-Trøndelag. 
 

 Årets avløysar Anne Karin Hofset

På dag to var det klart for å gå gjennom dei siste sakene på agendaen, deriblant val. Astrid Westberg vart attvald som leiar og Finn Hoff som nestleiar. Jorulf Refsnes vart attvald for 2 år og Jørn Haugli Lunde frå Hedmark vart vald inn i styret. Ingrid Løset vart attvald som 1. vara til styret. Widar Skogan hadde på førehand sagt frå seg attval, og vi takkar han for godt arbeid for styret i NLT.

Alt i alt var det eit godt møte med engasjerte utsendingar.

Referat vert lagt ut seinare.

Widar Skogan mottok NLT-klokka som takk for innsatsen i styret i NLT.

 

Her er styret som slik det ser ut for 2009:
 Styret 2009: Frå venstre Ellen Svarstad (styremedlem), Ingrid Løset (1. vara), Astrid Westberg (leiar), Jørn Haugli Lunde (nytt styremedlem), Jorulf Refsnes (styremedlem), Finn Hoff (nestleiar)

Fleire bilete finn du her