Årets unge bonde er kåra

Olav Høiheim Einan fra Hafslo i Luster i Sogn og Fjordane vart kåra til Årets unge bonde. Utdelinga av prisen skjedde i samband med festmiddagen på årets Agroteknikkmesse på Lillestrøm. Olav vart bonde for fem år sidan etter at faren brått gjekk bort. På desse fem åra har han vorte eit førebilete for andre. I tillegg til å vere sauebonde driv han og med skogbruk om vinteren, samt at han er førelesar på landbrukshøgskulen i Aurland. Han har landbruksfagleg utdanning og mykje kunnskap.

Premien er 20 000 kroner i reisestipend og eit gåvekort på 10 000 kroner frå Felleskjøpet Agri. I tillegg sponsar Norske Landbrukstenester avløysar på garden i inntil ei veke.

NLT gratulerer og ynskjer Olav lukke til vidare og god ferie når den tid kjem 🙂

Her kan du lesa meir om Årets unge bonde 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *