Årets lag 2018

Landbrukstenester Folgefonna vart kåra til Årets lag 2018. Her representert med dagleg leiar Sølvi Gundersen og styreleiar Arne Presthus, ilag med dagleg leiar i NLT, Frode Alfarnes og
styreleiar Harald Lie. (Foto: NLT)

Landbrukstenester Folgefonna er kåra til Årets lag 2018 i NLT-organisasjonen. Dette er ei markering av eit medlemslag som har utmerka seg gjennom året i høve profesjonalitet og medlemsyting. Landbrukstenester Folgefonna har tre tilsette i administrasjonen. Laget er flinke på rekruttering og utdanning av tilsette. Dei har ein sunn og god økonomi og deltek alltid på samlingar og kurs i regi av NLT. Vi gratulerer og ynskjer dei lukke til med vidare arbeid.

1 kommentar

  1. Solveig Sperle sier:

    Gratulere til Sølvi og gjengen:)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *