Årets lag 2017

Årets Lag 2017.
Her representert med leiar i laget, Trygve Eivind Dahl og dagleg leiar Hans Nummestad.
(Foto: NLT)

Årets lag 2017

Landbrukstjenester Østfold er kåra til Årets lag 2017 i NLT-organisasjonen. Dette er ei markering av eit medlemslag som har utmerka seg gjennom året i høve profesjonalitet og medlemsyting. Landbrukstjenester Østfold er eit lag med to tilsette i administrasjonen og som stadig er i utvikling. Laget har sunn og god økonomi. Dei deltek alltid på samlingar i regi av NLT. Vi gratulerer og ynskjer dei lukke til med vidare arbeid.