Årets lag 2016

Landbrukstjenester Hedemarken vart kåra til Årets lag 2016. Her representert med dagleg leiar Marie Strangstadstuen og styreleiar Lars Maagaard, ilag med dagleg leiar i NLT, Frode Alfarnes og
styreleiar Harald Lie. (Foto: NLT)

Årets lag 2016

Landbrukstjenester Hedemarken vart Årets lag 2016 i NLT-organisasjonen. Dette er ei markering av eit medlemslag som har utmerka seg gjennom året i høve profesjonalitet og medlemsyting. Landbrukstjenester Hedemarken er eit lag med tre tilsette i administrasjonen og som stadig er i utvikling. Laget har sunn og god økonomi. Dei deltek alltid på samlingar i regi av NLT. Vi gratulerer og ynskjer dei lukke til med vidare arbeid.