Årets Lag 2014

Årets lag 2014. Frå venstre, Filip Johansen, Harald Lie, Vidkun Ravn og Bodil Mannsverk

Årets lag 2014. Frå venstre, Filip Johansen, Harald Lie, Vidkun Ravn og Bodil Mannsverk

Årets Lag 2014

Det er mange lag som er i ein god økonomisk utvikling med eit aktivt styre og god administrasjon. Med bakgrunn i dette ynskjer NLT å gjera stas på eit medlemslag som driv godt med omsyn til desse punkta.

I førekant av årsmøtet vart ein jury på tre personar valt til å velja ut årets lag for 2014. Medlemslaga vart oppfordra til å nominera lag dei tykte var verdig prisen basert på vektlegging av fyljande kriteria:

  • Skal bruke NLT-logo/-profil
  • Skal rapportere til NLT etter fristane
  • Skal ha internkontrollsystem
  • Skal ha heimeside

Vidare vart det og lagt vekt på at laget har bedriftshelseteneste, tilgjengelegheit i administrasjonen, tilknyting til ein arbeidsgjevarorganisasjon, bruk av media og utretta verksemd, oppmøte på samlingar/kurs og vervekampanje.

Årets kåring vart markert på årsmøtet til NLT. Årets lag 2014 vart Helgeland Landbrukstjenester. Laget oppfyller dei fleste av kriteria som er satt og laget framstår som godt og solid.

Helgeland Landbrukstjenester var representert med styremedlem Filip Johansen og dagleg leiar Vidkun Ravn på årsmøtet. NLT håpar at prisen kan oppmuntra til at laget står på vidare med sitt gode arbeid. Som prov på at dei er årets lag fekk dei overrekt eit dreidd trefat med  ”Årets lag 2014” inngravert, samt diplom og blomar.  NLT gratulerar og håpar på mange gode kandidatar til årets lag 2015.