Årets Lag 2012

Årets Lag 2012

Årets lag 2012 vart Landbrukstenester Sogn. Her representert med dagleg leiar Aud Fossøy og styreleiar Jens K. Nes.

Årets Lag 2012

Det er og mange lag som er i ein god økonomisk utvikling med eit aktivt styre og god administrasjon. Med bakgrunn i dette ynskjer NLT å gjera stas på eit medlemslag som driv godt med omsyn til desse punkta.

I førekant av årsmøtet vart ein jury på tre personar valt til å velja ut årets lag for 2012. Medlemslaga vart oppfordra til å nominera lag dei tykte var verdig prisen basert på vektlegging av fyljande kriteria:

  • Skal bruke NLT-logo/-profil
  • Skal rapportere til NLT etter fristane
  • Skal ha internkontrollsystem
  • Skal ha heimeside

Vidare vart det og lagt vekt på at laget har bedriftshelseteneste, tilgjengelegheit i administrasjonen, tilknyting til ein arbeidsgjevarorganisasjon, bruk av media og utretta verksemd, oppmøte på samlingar/kurs og vervekampanje.

Årets kåring vart markert på årsmøtet til NLT. Årets lag 2012 vart Landbrukstenester Sogn. Laget oppfyller dei fleste av kriteria som er satt og laget framstår som godt og solid.

Landbrukstenester Sogn var representert med styreleiar og dagleg leiar på årsmøtet og utmerkinga kom som ei stor overrasking på desse. NLT håpar at prisen kan oppmuntra til at laget står på vidare med sitt gode arbeid. Som prov på at dei er årets lag fekk dei overrekt eit dreidd trefat med  ”Årets lag 2012” inngravert, samt diplom og blomar.  NLT gratulerar og håpar på mange gode kandidatar til årets lag 2013.