Årets Avløysarar 2018

Årets avløysarar 2018. Frå venstre, Terje Rød, Lukasz Kamil Wrobel, Petre Militaru, Vegard Skarprud, Emil Steinar Velve, Jan Egil Horvei og Bjørn-Egil Evensen. Steinar Kalhagen, Krzysztof Daniel Ciwinski, Pål Stenseth og Malin Hødnebø var forhindra i å delta.
(Foto: NLT)

 

Kvart år sidan 2000 har NLT kåra avløysar. Bakgrunnen for dette er å få merksemd mot den viktige ressursen avløysaren er for landbruket. Kåringen skjer fylkesvis.

Avløysarane gjer ein viktig jobb og er ein forutsetning for at bonden skal få ferie/fritid og ikkje minst hjelp ved sjukdom og kriser. Vi ser at bøndene set stor pris på sine avløysarar.

I 2018 vart det tilsaman kåra 11 Årets Avløysarar rundt om i landet.
Desse elleve er:

  • Jan Egil Horvei – Vestfold Landbrukstjenester SA – (Vestfold)
  • Steinar Kalhagen – Landbrukstenester Sogn – (Sogn og Fjordane)
  • Petre Militaru – Haugaland Avløysarlag SA – (Rogaland)
  • Lukasz Kamil Wrobel – Vang Avløysarlag SA – (Oppland)
  • Terje Rød – NLT Hordaland – (Hordaland)
  • Emil Steinar Velve – Landbrukstjenester Midt-Trøndelag – (Trøndelag)
  • Krzysztof Daniel Ciwinski – Landbruk Nordvest – (Møre og Romsdal)
  • Pål Stenseth – Landbruktjenester Øst – (Hedmark)
  • Malin Hødnebø – Landbrukstenester Folgefonna – (Buskerud)
  • Vegard Skarprud – Landbrukstjenster Telemark – (Telemark)
  • Bjørn-Egil Evensen – Landbrukstjenester Indre Østfold SA – (Østfold)

Alle prisvinnerne vart invitert til Norske Landbrukstenester si årlege Haustsamling i Stjørdal, for å delta på samlinga og verte heidra under festmiddagen. Prisvinnarane fekk utdelt diplom, NLT-klokke og blomar.

Norske Landbrukstenester vil takke Årets Avløysarar for prisverdig innsats i sitt yrke.

NLT gratulerer på vegne av heile organisasjonen.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *